Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Redoksreaksjonar gir energiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Redoksreaksjonar

Pekefinger på batteri. Foto.
  • Oksid er kjemiske sambindingar mellom eit grunnstoff og oksygen.
  • Ved ufullstendig forbrenning blir det utvikla giftig kolos, karbonmonoksid (CO).
  • Energien frå forbrenningsreaksjonar kjem frå stoffet som brenn, og oksygen.
  • Eit atom eller eit ion blir oksidert når det gir frå seg elektron, det vil seie når det blir meir positivt.
  • Eit atom eller eit ion blir redusert når det tek imot elektron, det vil seie når det blir mindre positivt.
  • Ein redoksreaksjon er ein kjemisk reaksjon der det både går føre seg ein reduksjon og ein oksidasjon, altså der elektrona blir overførte frå eitt stoff til eit anna.
  • Elektrisk straum i væsker vil seie at positive og negative ion flytter seg kvar sin veg i væska.
  • Ein elektrolytt er ei væske som leier elektrisk straum, og som derfor må innehalde positive og negative ion.
  • Elektrolyse er det som skjer når vi sender elektrisk straum gjennom ein elektrolytt.
  • I spenningsrekkja er metalla ordna etter evna deira til å bli oksiderte, til å gå over i ioneform. Eit metall vil alltid redusere iona til dei metalla som står under i spenningsrekkja.
  • Eit galvanisk element er ei spenningskjelde som har to ulike elektrodar og ein elektrolytt. I eit galvanisk element av to metall vil metallet som står øvst i spenningsrekkja, bli den negative elektroden, mens metallet som står nedst, blir den positive elektroden.

Læringsressursar

Redoksreaksjonar gir energi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter