Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Redoksreaksjonar gir energiChevronRight
  5. Spenningsrekkja – kven gir lettast frå seg elektron?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Spenningsrekkja – kven gir lettast frå seg elektron?

Det at mange metall ikkje finst i rein form i naturen kjem av at dei fleste metalla har lett for å gi frå seg elektron og reagere med andre stoff.

Gull, sølv og kobber smeltet sammen til en klump. Foto

Metall har lett for å reagere med andre stoff

Forskjellige stoff har ulik evne til å gi frå seg elektron. Som ein tommelfingerregel kan vi seie at eit stoff som står til venstre i periodesystemet, har lettare for å gi frå seg elektron enn stoff til høgre. Kunnskap om evna dei ulike stoffa har til å ta imot eller gi frå seg elektron, er nyttig i mange samanhengar, til dømes for å lage batteri.

Edle metall står nedst i spenningsrekkja

Spenningsrekkja viser metalla ordna i rekkjefølgje etter evna til å gi frå seg elektron. Her er nokre metall og hydrogen ordna etter minkande evne til å gi frå seg elektron.

Dess lenger oppe i spenningsrekkja metallet står, jo lettare blir det oksidert (gir det frå seg elektron). Dei metalla som lett blir oksiderte, kallar vi .
Dei som står nedst, held seg best i metallform og blir kalla edle metall. Det er ein gradvis overgang mellom uedle metall øvst og edle metall nedst i spenningsrekkja.

Gull og sølv finn vi i naturen som reine metall. Uedle metall som kalium, kalsium, magnesium og aluminium finst ikkje som reine metall i naturen. Dei finst berre i ioneform (oksidert form) i sambindingar med andre grunnstoff.

Forståinga av mange korrosjonsproblem byggjer på kunnskapen om spenningsrekkja til metalla. Vi kan òg bruke spenningsrekkja til å forklare kva som vil skje når vi blandar eit metall med iona til eit anna metall.

Bruk spenningsrekkja under til å føreseia kva som skjer viss til dømes jarn-metall (Fe) og kopar-ion (Cu2+) kjem i kontakt med kvarandre. Trudde du rett?

Læringsressursar

Redoksreaksjonar gir energi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter