Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Redoksreaksjonar gir energiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Elektrolyse – elektrisitet gir stoff

I elektrolyse brukar vi elektristitet for å laga stoff.

Forsøksoppsett elektrolyse. Foto.

Elektrisk straum i væsker

Elektrolyse kobberklorid. Illustrasjon.
Elektrolyse av koparklorid

Om vi prøver å få reint vatn til å leie straum, må vi ha eit særs fintmerkande amperemeter for å få utslag. Tørt vil heller ikkje leie straum. Ei blanding av salt og vatn vil derimot leie straum særs godt. I metall er det elektron som rører seg og fører med seg ladningane. I væsker er det ikkje frie elektron, der må transporten av elektrisk ladning skje som ein straum av ion.

Når fast salt ikkje leier straum, er det fordi positive og negative ion held kvarandre fast i eit krystallgitter.

Elektrolyse

Elektrolyse er det som skjer når vi sender elektrisk straum gjennom ein . Dei kjemiske reaksjonane i elektrolytten skjer alltid ved elektrodane. Somme gonger kan vi sjå at det lagar seg gassbobler der, andre gonger kan det bli felt ut eit metall.

Under elektrolysen vandrar dei positive og negative i elektrolytten kvar sin veg. Når dei positive iona kjem fram til den negative elektroden, får dei elektron frå elektroden. Når dei negative iona kjem fram til den positive elektroden, gir dei frå seg elektron til elektroden.

I resten av straumkrinsen, gjennom elektrodane og leidningane, er det elektron som strøymer.

Demoforsøk - Vil saltvatn leie straum?

Demoforsøk - Vil tørt salt leie straum?

Motsette ladningar dreg kvarandre til seg

Fordi motsette ladningar dreg på kvarandre, blir positive ion dregne til den negative elektroden. Negative ion blir dregne til den positive elektroden. Begge ionetypane tek seg fram gjennom væska, og det er nettopp det som er elektrisk straum i saltvatn. Og straumen kan gå så lenge det finst ion i løysningen.

Ei væske som leier elektrisk straum på denne måten, kallar vi ein elektrolytt.

Læringsressursar

Redoksreaksjonar gir energi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter