Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Redoksreaksjonar gir energiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Redoksreaksjonar – elektron på vandring

Mange reaksjonar i kvardagen kjem av at elektron er på vandring. I ein redoksreaksjon går elektron frå eit stoff til eit anna. Stoffet som gir frå seg elektron, blir oksidert, og stoffet som tek opp elektron, blir redusert.

Oksidasjon og reduksjon

Når vi brenn ved, olje og andre organiske stoff, reagerer karbonet og hydrogenet i desse stoffa med oksygen (O2) til karbondioksid (CO2) og vatn (H2O).

Når vi brenn magnesium (Mg), reagerer Mg med O2 til MgO. Slike forbrenningsreaksjonar er eksempel på ein reaksjonstype som vi kallar .

Jernforekomstane på jorda er i all hovudsak i form av jernoksid(FexOx). For å produsere reint jern(Fe) vert oksygenet fjerna ved hjelp av høg temperatur, kalkstein(Ca) og karbon(C) i ei jernvinne. I jernalderen gikk denne prosessen føre seg like attmed malmforekomstane, i dag skjer det i store fabrikkar. Når oksygen vert frigjeve frå jernoksid er det eit døme på en reaksjonstype vi kallar .

Opphavleg meinte kjemikarane at oksidasjon var ein prosess der eit stoff bind seg til oksygen. Den motsette prosessen, fjerning av oksygen, vart kalla reduksjon.

Elektronoverføring

I meir moderne kjemi har omgrepa oksidasjon og reduksjon fått eit noko utvida innhald. Vi skal forklare det ved å sjå litt nærare på reaksjonane ovanfor.

Oksidasjon av kopar

Ved oksidasjon av kopar vart det utvikla koparoksid. Det er eit som inneheld positive og negative . Vi kan då skrive reaksjonslikninga for oksidasjonen slik:

2 Cu + O2 → 2 Cu2+ + 2 O2-

Her har dei elektrisk nøytrale Cu-atoma gått over til positive Cu2+-ion. Oksidasjonen av kopar har gjort koparen meir positiv, slik at det blir fjerna elektron frå Cu-atoma. Det er O2-molekyla som tek imot desse elektrona, og som omformar dei til negative oksidion..

Reduksjon av koparoksid

Reduksjonen av koparoksidet kan skrivast slik:

2 Cu2+ + 2 O2- → 2 Cu + O2

Dei positive Cu2+-iona er omforma til elektrisk nøytrale Cu-atom. Reduksjonen har ført til at koparionet blir mindre positivt, det får med andre ord tilført elektron.

Redoks – elektron vert overførte fra eit stoff til eit anna

Då koparatoma vart oksiderte, vart samstundes oksygenatoma i O2--molekylet reduserte, fordi Cu gav frå seg elektron til O2.

Når eit stoff gir frå seg elektron, må eit anna stoff samstundes ta imot desse elektrona. Det har til følgje at når eit stoff blir oksidert, må eit anna stoff samstundes bli redusert. I reaksjonar der elektron vert overførte frå eitt stoff til eit anna, har vi både ein reduksjon og ein oksidasjon. Slike reaksjonar kallar vi redoksreaksjonar, som er ein forkorta skrivemåte for reduksjons-oksidasjons-reaksjonar.

Læringsressursar

Redoksreaksjonar gir energi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter