Desse forsøka viser korleis kopar oksiderer i luft , og korleis den oksiderte koparen kan reduserast tilbake til kopar.
Nils H. Fløttre (CC BY-SA)Sist oppdatert 31.10.2018Tilleggsstoff
Koparet oksiderast til koparoksid
Vi lagar ein spiral av ein blankpussa kopartråd og held han i ein flamme frå butanbrennaren. Tråden får då eit blåsvart belegg av koparoksid (CuO).
Når temperaturen blir høg nok, reagerer nemleg koparen med oksygenet i lufta. Koparen blir oksidert, og vi kan skrive reaksjonslikninga for oksidasjonen slik:
2 Cu + O2 → 2 CuO
Koparoksidet reduserast til kopar
Vi kan vise reduksjon ved å fjerne oksygen fra CuO. Då blir koparoksidet redusert til kopar.
Vi treng eit stoff som kan ta imot oksygenet i CuO, og vi vel etanol.
Vi tek litt etanol i eit reagensrør, berre 4-5 cm opp i røret, og ristar røret slik at det blir fylt med etanoldamp. Så tek vi den blåsvarte kopartråden med CuO og varmar har på nytt i flammen. Mens tråden framleis er glovarm, stikk vi han ned i reagensrøret med etanoldampen, men utan å kome nær væska..
Då forsvinn det blåsvarte belegget, og tråden får tilbake koparfargen. Det viser at vi har fjerna oksygenet frå koparoksidet og vi har på nytt fått metallisk kopar.
Vi kan skrive reaksjonslikninga for reduksjonen slik:
2 CuO → 2 Cu + O2
Det oksygenet som blir frigjort, har reagert med etanol. Oksidasjon og reduksjon er altså motsette prosessar. Når oksygen blir bunde til eit stoff, skjer det ein . Blir oksygenet fjerna, har vi ein .
Reglar for bruk av bildet
Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår.
Du må alltid oppgi kven som har laga innhaldet.
Du kan ikkje tene pengar på bruk av dette innhaldet.
Oksidasjon: Eit atom eller eit ion blir oksidert når det gir frå seg elektron, det vil seie at ladningen aukar. Reduksjon og oksidasjon skjer samtidig i ein reaksjon. Det eine stoffet gir frå seg elektron, og det andre stoffet tek til seg elektron.
reduksjon
Reduksjon: Eit atom eller eit ion blir redusert når det tek imot elektron, det vil seie når ladningen blir redusert. Reduksjon og oksidasjon skjer samtidig i ein reaksjon. Det eine stoffet gir frå seg elektron, og det andre stoffet tek til seg elektron.