Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Redoksreaksjonar gir energiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forbrenning – reaksjon med oksygen gjev energi

Forbrenningsreaksjonar er reaksjonar med oksygen. Når vi tenner eit bål, er det oksygenet i lufta som reagerer med dei stoffa som brenn.

Reaksjon med oksygen gjev oksid

Kvar gong eit grunnstoff reagerer med oksygen, får vi ei kjemisk sambinding mellom grunnstoffet og oksygen. Slike stoff kallar vi oksid.

Når karbon forbrenn, får vi karbondioksid (CO2) eller karbonmonoksid (CO). Når magnesium forbrenn, får vi magnesiumoksid (MgO).

Vi får vatn og karbondioksid

Dersom utgangsstoffa inneheld karbon (C) og hydrogen (H), blir sluttstoffa nye kjemiske sambindingar mellom karbon og oksygen og mellom hydrogen og oksygen. Det blir utvikla karbondioksid (CO2) og vatn (H2O).

CH4+O2 CO2+2H2O+energi

Lite oksygen gir ufullstendig forbrenning

Er det for liten tilgang på oksygen, skjer det ei ufullstendig forbrenning. Då blir det utvikla CO. Denne gassen kallar vi også kolos, og det er ein fargelaus, luktfri og svært giftig gass. Det er alltid noko kolos i eksosen frå bilar.

Fyrer vi med for lite trekk i omnen, utviklar det seg også kolos. Vi kan skrive reaksjonslikninga for den ufullstendige forbrenninga av karbon slik:

2C+O22CO

Forbrenningsreaksjonar gjev varme

Ved ein forbrenningsreaksjon går det

Innhold mangler.
til omgivnadene. Dette er
Innhold mangler.
som kjem frå utgangsstoffa. Det er vanleg å seie at energien er lagra i utgangsstoffa, og at han først blir frigitt ved forbrenninga. Vi kallar den lagra energien
Innhold mangler.
fordi han blir frigjord ved ein kjemisk reaksjon.

I forbrenningsreaksjonen C + O2 → CO2 er det mykje kjemisk energi i utgangsstoffa C og O2 til saman. I sluttstoffet CO2 er det lite energi. Den energien som blir til overs, er energiskilnaden, og han går som varme til omgivnadene.

Læringsressursar

Redoksreaksjonar gir energi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter