Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Redoksreaksjonar gir energiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Redoksreaksjonar gir energi

Når stoff kjempar om elektron, blir energi frigjort. Når vi brenn ved kan vi kjenne energien som varme, når to metall utvekslar elektron kan vi utnytte det som elektrisitet. Reaksjonane som skjer kallar vi redoksreaksjonar.

Framtidas energi frå redoksreaksjonar

I dette emnet skal du (endeleg?) få brenne noko. Forbrenningsreaksjonar gir deg varmeenergi, enten det er ved eller magnesium du brenn. Pass på at du har nok oksygen, elles kan det gå gale.

I dagens samfunn er vi heilt avhengige av batteri, og vi treng betre og meir miljøvenlege batteri. Du skal få lære å lage ditt eige batteri. Alt du treng er to metall og ein potet. Dette høyrest ikkje så veldig moderne ut, men viser at batteriteknologi byggjer på ganske enkle prinsipp. Utforsk batteriet vidare: Kor stor spenning klarer du å få? Kan du lage eit batteri som er oppladbart også? Kva avgjer om eit batteri er miljøvenleg?

I ei brenselcelle lagar vi straum av hydrogen- og oksygengass. Det einaste avfallet er vatn. Det høyrest utruleg ut, men er sant!

Redoksreaksjonane kan hjelpe oss på vegen når vi skal finne framtida sin energi.

Læringsressursar

Redoksreaksjonar gir energi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter