Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Energi for framtida

I Noreg er vi storforbrukarar av energi. Heldigvis kan vi dekkje det meste av forbruket vårt ved hjelp av vasskraftverk. Samtidig sel vi olje og gass til andre land. Korleis skal vi dekkje energibehovet i verda utan å øydeleggje moglegheitene til dei som kjem etter oss?

Ei hand held ei lyspære med energi-ikon rundt. Foto.

Kva er framtidas energikjelde?

Sola er hovudenergikjelda vår. Ho er drivkrafta til vatnet sitt krinslaup, til vind og bølgjer som vi igjen kan utnytte til å produsere elektrisk energi. Solstrålane kan vi òg utnytte direkte i solfangarar som gir oss varmt vatn, eller i solceller som omformar solenergien til elektrisk energi. Solenergien er også grunnlaget for energiressursen som ligg i biomasse.

Kjemiske reaksjonar gir elektrisk energi i batteri og brenselceller, og hydrogen kan utnyttast som ein energiberar. Varmepumper kan hente energi ute og bruke energien til oppvarming inne.

På jakt etter framtidas energikjelde må vi hugse at målet er ei utvikling som er berekraftig. Det vil mellom anna seie at framtidas energikjelde må medverke til reduserte klimgassutslepp, ho må vere tilgjengeleg for alle og ho må ikkje føre til at leveområde for plantar og dyr blir øydelagde.

Dette er ei kjempestor utfordring! – Bli med og utforsk framtidas moglege energikjelder!

Emner

Energi for framtida