Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Bruk av ioniserende strålingChevronRight
  5. Øvingsoppgåver – Bruk av ioniserande strålingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Øvingsoppgåver – Bruk av ioniserande stråling

Lege ser på røntgenbilder på PC-skjerm. Foto.
  1. Kva slags biologiske skadeverknader kan ioniserande strålar gi?
  2. Ein person absorberer like mange joule per kilogram stråleenergi frå alfastråling som frå betastråling. Forklar kva slags stråletype som gir størst biologisk skadeverknad.
  3. Kva meiner vi med dødeleg stråledose? Om lag kor stor er denne dosen for menneske?
  4. Kva er grenseverdiane for stråledose
    1. for personar som arbeider med ioniserande stråling?
    2. for folk elles?
  5. Under ein medisinsk kontroll synte målingar at ein person på 70 kg har fått ein stråledose på 1,5 mSv (millisievert) av gammastråling.
    1. Kor stor var den absorberte stråleenergien?
    2. Kor stor stråledose ville personen fått dersom den same absorberte stråleenergien kom frå alfastråling?
  6. Mange bustader har for mykje radongass i innelufta.
    1. Kvar kjem radongassen frå?
    2. Radon er ein edelgass som mest ikkje reagerer med andre stoff. Korfor er gassen då så farleg?
    3. Kva kan vi gjere for å redusere radonkonsentrasjonen i bustader?
    4. Finn ut om heimstaden din er utsett for stråling frå radongass, og eventuelt kva planar kommunen har for tiltak som kan redusere strålefaren frå radon.
  7. Røykvarslarar:
    1. Kva kan vere grunnen til at vi vel å bruke ei alfakjelde i røykvarslarar?
    2. Korfor bør alfakjelda ha lang halveringstid?
    3. Korfor er ikkje stråling frå ein fastmontert røykvarslar farleg for menneske?
  8. Nøytronstråling:
    1. Korfor er nøytronstråling meir gjennomtrengjande enn protonstråling? Kva er det som kan stanse nøytronstrålinga?
    2. Nøytronstråling går så å seie uhindra tvers gjennom eit menneske. Korleis kan vi då bruke nøytronstråling til kreftbehandling?
    3. Korleis kan gammastråling brukast til å studere blodgjennomstrøyminga i eit hjarte?
    4. Korfor blir beinstrukturen synleg på eit røntgenbilete?
    5. Korleis kan vi bruke røntgenstråling til å analysere molekylstrukturar?

Læringsressursar

Bruk av ioniserende stråling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Stammar trebiten frå eit vikingskip?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff