1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Bruk av ioniserende strålingChevronRight
  5. Samandrag – Bruk av ioniserande strålingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Bruk av ioniserande stråling

Røntgenbilde av to hender. Foto.

  • Aktiviteten til eit radioaktivt stoff er eit uttrykk for talet på kjerneeksplosjonar per tid. Den tilsvarande eininga er becquerel, med symbolet Bq = 1/s. Aktiviteten blir målt med ein geigerteljar.
  • Stråledosen er eit uttrykk for kor mange joule stråleenergi som blir absorbert i kvart kilogram av kroppen. Eininga for stråledose er sievert, med symbolet Sv = J/kg. Vi måler stråledosane med eit dosimeter.
  • Som kjennemerke på alfa- og betastråling kan vi bruke gjennomtrengingsevna: Alfastråling blir stoppa av 4–5 cm luft, mens betastråling blir stoppa av 1–2 cm pølse.
  • Ved medisinsk strålebehandling av kreft bruker vi protonstråling og nøytronstråling. Nøytronstråling blir òg brukt ved strukturanalyse av faste stoff.
  • Som kjennemerke på gammastråling og røntgenstråling kan vi bruke gjennomtrengingsevna: Gammastråling blir stoppa av 3–4 cm bly, mens røntgenstråling til bruk i medisinen blir stoppa av nokre millimeter bly.
  • Gammastråling blir brukt til å sterilisere medisinsk utstyr og ein del matvarer og til medisinske undersøkingar av blodstraumen gjennom vitale organ (hjartet).
  • Røntgenstråling blir brukt til å analysere materiale og ved strukturanalyse av molekyla.
  • I medisinen blir røntgenstråling brukt til å stille diagnosar og til strålebehandling av kreft.

Læringsressursar

Bruk av ioniserende stråling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter