1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Bruk av ioniserende strålingChevronRight
  5. Bruk av ioniserande elektromagnetisk strålingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruk av ioniserande elektromagnetisk stråling

Ioniserande elektromagnetisk stråling som gammastråling vert brukt i krefthandsaming. Røntgenstråling vert brukt til å undersøkja materialar og indre organ.

En kvinnelig lege viser et røntgenbilde til en mann som har brekt foten. Foto.

Gammastråling

Gammastrålinga kjem frå atomkjernane når dei kvittar seg med overskotsenergi. Det skjer når atomkjernen eksploderer og sender ut ein alfa- eller betapartikkel.

Lastebil gjennomlyst. Foto.
Gammastråling kan brukast for å sjå kva som er inne i lasterommet på bilar og togvogner utan å måtte opne og tømme desse.
Fargerike krydder i trekasser. Foto.

Gammastråling kan brukast til å drepe uønskte bakteriar i matvarer, slik at maten held seg lenger. Vi seier at matvarene blir steriliserte. I Noreg er det for tida berre krydder som blir sterilisert med gammastråling, men i andre land blir òg frukt, grønsaker, mjølk, fisk og kjøtt steriliserte på denne måten.

Maten blir ikkje radioaktiv av denne kuren, men ei ulempe er det at nokre organiske molekyl i maten kan bli øydelagde av strålinga, slik at smaken endrar seg. Gammastråling blir elles brukt til å sterilisere medisinsk utstyr.

Thalliumscintigrafi

Scintigrafi (av latin scintillare, som tyder å funkle) er ei medisinsk undersøking som går ut på å tilføre blodet eit radioaktivt stoff som blir fordelt over heile kroppen. Strålinga frå organet som skal granskast, blir så analysert ved hjelp av ein avansert type geigerteljar.

Eksempel

Ei hjarteundersøking med thalliumscintigrafi kan gå føre seg slik: les meir

Ein pasient har under sykling på ergometersykkel fått ei sprøyte som inneheld radioaktivt thallium (Tl). Dette stoffet sender stort sett berre ut gammastråling.

Etter at stoffet er godt fordelt i heile kroppen, blir strålinga frå hjartet registrert og kartlagd av ein geigerteljar som sender informasjonen vidare til ein datamaskin. Av bileta som blir laga på dataskjermen, kan legane i mange høve sjå om blodtilførslelen til ulike område av hjartet er som ho skal vere, eller om ein eller fleire kransarteriar er tette.

Jamvel om aktiviteten i det radioaktive thalliumet i sprøyta kan målast i millionar becquerel (106 Bq), er ikkje stråledosen som pasienten får ved denne undersøkinga, stort meir enn om lag 0,5 mSv (millisievert).

Røntgenstråling

Kvinne gjøres klar til undersøkelse. Foto.
Mammografi. Røntgenstråling blir mellom anna brukt i mammografiundersøkingar, der kvinner blir undersøkte for brystkreft. Slike undersøkingar blir i Noreg anbefalt kvart andre år for kvinner eldre enn 50 år.
CT-maskin. Foto.
CT-bilete blir tekne ved å bruke røntgenstråling frå fleire stader samstundes. På denne måten kan det lagast tredimensjonale bilete av dei indre delane av kroppen.

Dei fleste har ein eller annan gong i livet vorte utsette for røntgenstråling – hos tannlegen eller på eit sjukehus.

Røntgenstrålinga stammar ikkje frå atomkjernane slik gammastrålinga gjer. Den røntgenstrålinga vi bruker i teknikk og medisin, kjem frå eit røntgenapparat og skriv seg anten frå elektronsprang i metallatoma eller frå elektronstrålar som blir bremsa av ei metallplate. På skulane er det ikkje lov til å gjere forsøk med røntgenstråling.

Røntgenstrålinga med dei minste bølgjelengdene blir brukt når ein skal studere materiale. Røntgenstråling med lengre bølgjelengder høver godt til å skape kontrastbilete av beinstrukturen og eventuelle brot i kroppen. Vi kan òg ta røntgenbilete av holrom i kroppen (magesekk, tarmar) etter at dei er fylte med kontrastvæske. På den måten er røntgenstrålinga nyttig når ein skal granske eventuelle skadar og stille diagnosar (røntgendiagnostikk). Røntgenstråling blir òg brukt ved stråleterapi av sjukdommar som kreft (røntgenterapi).

Det blir meir og meir vanleg å ta i bruk digitale røntgenbilete. Bileta blir då sende til ei datamaskin hos legen ein annan stad på sjukehuset. Eller avstanden kan vere atskilleg større. Eit digitalt røntgenbilete kan takast på Kirkenes sjukehus, mens ein spesialist på Rikshospitalet i Oslo straks kan vurdere bileta og stille diagnose. Digitale røntgenbilete er òg blitt tekne i bruk på somme tannlegekontor.

Røntgenundersøkingar av molekyl

Røntgenstråling har i mange år vore eit av dei viktigaste verktøya til å finne ut korleis molekyla og krystallane er oppbygde.

Det skjer ved at ein studerer korleis røntgenstrålane endrar retning når dei går gjennom eit stoff. Dei fleste røntgenfotona går tvers gjennom stoffet utan at det skjer noko med fotona. Somme røntgenfoton endrar retning når dei passerer tronge opningar mellom atoma i molekylet eller krystallen.

Når fotona kjem ut av stoffet, råkar dei ein elektronisk detektor som registrerer korleis røntgenstrålane blir spreidde. Denne informasjonen blir så analysert, og datamaskina kan rekne ut avstandar mellom atoma og vinklar mellom bindingane i eit molekyl.

Læringsressursar

Bruk av ioniserende stråling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter