Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Bruk av ioniserende strålingChevronRight
  5. Radon i bustaderChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Radon i bustader

Radon er ein radioaktiv gass som finnes i blant anna berggrunnen. Gassen kan sive inn i hus som ligger i områder med mye radon.

Radon er ein radioaktiv gass

Radon (Rn) er ein radioaktiv edelgass som utviklar seg når radium (Ra) sender ut ein alfapartikkel. Radon har ei halveringstid på nesten fire dagar. Dersom bergartane inneheld uran, vil det alltid bli utvikla radium og dermed radongass, som siv opp av berggrunnen. I hus som er bygde på slike stader, kan det samle seg ein del radongass i kjellaren.

Det kjem òg noko radongass ut frå betongen i støypte vegger. Innhaldet av radon i bustader kan lett målast. Er innhaldet for stort, kan ein rette på det ved å ha betre ventilasjon i underetasjar og kjellarar.

Kva skjer om vi over lengre tid pustar inn luft med radon? Radongassen kjem fort ut av lungene att, men i den tida gassen har vore der, har ein ørliten del blitt omforma til eit anna grunnstoff, polonium, etter reaksjonen:

86222Rn84218Po+24He

Og det stoppar ikkje her. Polonium er òg radioaktivt med ei halveringstid på berre nokre minutt og blir omforma til radioaktivt bly. Slik held det fram i rask rekkjefølgje til vi får ei blanding av fleire radioaktive metall (mellom anna polonium, bly og vismut). Det er desse radioaktive metalla som blir att i lungene våre når vi gjennom lengre tid har pusta inn radonluft. Der kan dei skade det næraste lungevevet og føre til lungekreft.

Måling av radonkonsentrasjonar i inneluft kan gjerast ved at vi lèt alfapartiklane frå radon påverke ein spesiell type film (sporfilm). Slik film får vi kjøpt av firma som tilbyr målingar av radon i inneluft. Etter at filmen har vore innandørs i to– tre månader, kan vi sende han til eit laboratorium for analyse. Det er vanleg å måle konsentrasjonen av radon i bustader som aktivitet per volum inneluft. Den tilsvarande eininga blir becquerel per kubikkmeter luft, eller Bq/m3. Ein radonkonsentrasjon på 100 Bq/m3 er normalt for inneluft.

Statens strålevern har fastsett følgjande grenseverdiar for inneluft i bustader:

  • Når konsentrasjonen er over 100 Bq/m3, bør vi sørgje for god lufting av bustaden og tette igjen tilgangen på radon frå berggrunnen under huset. Maksimumsgrensa for bustader er 200 Bq/m3.
  • Når konsentrasjonen er over 400 Bq/m3, krevst eit meir omfattande inngrep, mellom anna slik at radongassen frå grunnen blir leidd bort frå bustaden.

Læringsressursar

Bruk av ioniserende stråling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter