1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Bruk av ioniserende strålingChevronRight
  5. Stammar trebiten frå eit vikingskip?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Stammar trebiten frå eit vikingskip?

Datering ved C-14-analyse kan verke vanskeleg, men det er ikkje så komplisert som ein skulle tru. Du må likevel ha tilgang til ei nøyaktig vekt og måleutstyr for radioaktivitet. Du må òg kunne bestemme karboninnhaldet i prøven.

En hånd med ubestemmelige klumper.

Kan trebiten stamme frå eit vikingskip?

Nokre arkeologar som driv med utgravingar, finn ein trebit som dei lurer på om kan stamme frå eit vikingskip. Dei vil derfor bestemme alderen på trebiten ved vanleg C-14-analyse.

Vi veit at alt levande materiale inneheld isotopen C-14 i ei mengd som svarer til 15,4 desintegrasjonar per minutt per gram reint karbon.

Trebiten som arkeologane fann, vog to gram. Han hadde ein aktivitet på 11,8 desintegrasjonar per minutt. Vidare fann ein at karboninnhaldet i trebiten var 44 prosent. Kor gammal var trebiten?

Viktige tips:

Halveringstida for C-14 er 5730 år.

A=A0·e-λ·t der λ = ln 2halveringstida

Løsning

Prøv å finne svaret før du ser på løysingsforslaget. Viss du gir opp og kikkar, kan du likevel rekne gjennom oppgåva og sjå om du får riktig svar. Sjølv om du ikkje veit kva ein logaritme er, klarer du kanskje å rekne med logaritmar på ein kalkulator eller i eit rekneark?

Læringsressursar

Bruk av ioniserende stråling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter