Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Drivhuseffekten gjer jorda levelegChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tiltak for å redusere auken i drivhuseffekten

Dei tiltaka som blir sette i verk i dag, har ikkje til oppgåve å redusere drivhuseffekten, men å redusere auken i denne effekten. Det er fordi det atmosfæriske systemet på jorda reagerer tregt.

Bilde av en biogassbuss.

Reduksjon av utsleppa

Det mest nærliggjande tiltaket er å redusere utsleppa av drivhusgassar. Det tener ikkje til noko om eitt land gjer dette åleine. Drivhuseffekten gjeld heile kloden. Derfor må alle landa redusere utsleppa.

Klimamøtet COP15:

"Temperaturen på jorda skal ikkje auke med meir enn 2 °C."

Oversikt over historiske og framtidige utslipp, etter Kyotoavtalen.
Klimagassutslepp i Noreg 1990–2008 og framtidig kvote.

For å få dette til er det nødvendig med internasjonale avtalar. Kyoto-avtalen frå 1997 slo fast at industrilanda skulle redusere utsleppa av drivhusgassar, somme land kunne stabilisere utsleppa, mens ein del land kunne auke utsleppa sine.

Endå om vi ikkje aukar det totale utsleppet av drivhusgassar, men held det på same nivået som i dag, vil menneskeskapte utslepp av CO2 vere til stades i atmosfæren i fleire hundre år. Med andre ord kjem det til å ta lang tid før eventuelle tiltak har nokon verknad på klimaet.

Aktuelle tiltak for å avgrense utsleppa kan vere

  • å bruke biobrensel (mellom anna trevyrke) i staden for fossilt brensel. Trass i at det blir frigjort CO2 ved forbrenning, fører det ikkje til større innhald av CO2 i atmosfæren. Fotosyntesen tek hand om frigjort CO2 når nye tre og planter veks opp att
  • å bruke varmepumper i staden for fossilt brensel til oppvarming av hus (om varmepumper, sjå kapittel 5)
  • å ta vare på metanet som utviklar seg i søppelfyllingar, og bruke det som nyttig brensel i staden for at det hamnar i atmosfæren. Då blir det rett nok frigjort CO2, men i valet mellom metan og karbondioksid er CO2 betre fordi metangassen er mykje meir effektiv som drivhusgass
  • å bruke fornybar energi som vindenergi, energi frå tidvatnet, bølgjeenergi eller solenergi. I Noreg er vi så heldige at vi kan bruke den fornybare energien vi har i vassdraga våre
  • å ta i bruk ny teknologi ved forbrenning av naturgass, ein teknologi som tek hand om CO2-gassen i staden for å sleppe han ut i atmosfæren
  • å bruke tog i staden for fly der det er mogleg

Reduksjon av energibruken

Energibruk og utslepp av CO2 heng saman. Ved å redusere energibruken kan utsleppa av karbondioksid gå ned. Det er kanskje oppnåeleg i rike industriland, men neppe i utviklingsland med stor fattigdom. Der er det tvert om nødvendig med auka energibruk for å få levestandarden opp på eit rimeleg nivå. Kvar og ein av oss kan vere med på å redusere energibruken.

På individuelt nivå kan nokre tiltak vere

  • å redusere bruken av privatbil og nytte kollektive transportmiddel
  • å velje bil som bruker mindre drivstoff, eller bil med alternativt drivstoff – for eksempel bensin blanda med metanol eller berre metanol, eller bil som blir driven med brenselceller eller hydrogen
  • å bruke tjukkare isolasjon i hus og redusere temperaturen inne, særleg i rom som ikkje er i bruk

Auka fotosyntese

Tegning av grein med blad.
Fotosyntese bind opp CO2.

Ved nyplanting av skog vil meir CO2 binde seg til å produsere karbohydrat under fotosyntesen. For å få til ein auke av fotosyntesen er det viktig at skogen ikkje går opp i røyk, men blir brukt til å produsere materiale. Blir skogen brukt til brensel, får vi CO2 tilbake i atmosfæren. Ved å redusere hogsten av regnskog kan større mengder CO2 bindast til skogen. På lengre sikt vil vi likevel få tilbake CO2 i atmosfæren når materiala i sin tur rotnar.

Det er gjort forsøk i stor målestokk med å gjødsle havområda ved å tilsetje jernsulfat (FeSO4) som næringsstoff. Resultatet var høgare produksjon av planteplankton, som tok opp store mengder CO2. Men somme forskarar meiner metoden er mindre effektiv enn ein først trudde. Dessutan kjenner vi ikkje konsekvensane av slik gjødsling på lengre sikt.

Eit samfunnsansvar

Det er delte meiningar hos forskarane om kor langt vi bør gå i arbeidet med å redusere auken i drivhuseffekten.

Somme meiner at spådommane om klimaet i framtida er for usikre til at vi bør bruke mange pengar og setje i verk tiltak som kan vere plagsame, før vi veit meir. Vi bør heller konsentrere oss om klimaforsking til kunnskapen blir sikrare. Med betre kunnskap er det enklare å setje inn tiltaka der dei kan gjere mest nytte.

Andre forskarar meiner at trass i at framtidsprognosane for klimaet er usikre, bør vi heller vere på den trygge sida – eller føre var – og setje inn omfattande tiltak alt no.

I tillegg er forskarane òg usamde om kor mykje av den globale oppvarminga som er menneskeskapt, og kor stor del som skriv seg frå naturlege variasjonar i solaktiviteten.

Effektive tiltak mot auken i drivhuseffekten kostar pengar, både nasjonalt og internasjonalt. Det er samfunnet, representert ved dei folkevalde politikarane, som forvaltar desse pengane. Avgjerda dei tek i klimapolitikken, må byggje på kunnskapen vi har i dag, og på kva forskarane trur kan bli den framtidige klimautviklinga på jorda. Kvar ein samfunnsengasjert borgar kan gjennom dei folkevalde politikarane eller på annan måte gjere sitt til å påverke avgjerder som er viktige for utviklinga av det globale klimaet.

Læringsressursar

Drivhuseffekten gjer jorda leveleg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Tiltak som verkar"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Klimasystemet"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff