Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Drivhuseffekten gjer jorda levelegChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Endringar i naturen som følgje av auka drivhuseffekt

Utslipp av CO2 forårsaka av menneskeleg aktivitet fører til auka drivhuseffekt og klimaendringar. Her ser vi på nokre av konsekvensane.

Maldivenes hovedstad. Foto.

Endringar av havnivået

Det kan vere fleire grunnar til at havnivået stig. Det kan komme av at kystområda har lågna, eller at temperaturen på jorda aukar. Ein global temperaturauke fører til at havnivået stig, og isen på fastlandet kan smelte.

Kyst hvor hus er truet av havet.
Høgare havnivå og fleire stormar trugar busetnaden langs mange kyststrekk.

Greier vi å halde utsleppa av klimagassar på dagens nivå, reknar forskarane med ein gjennomsnittleg auke i vasstanden på om lag 30 cm fram mot år 2100. Somme klimaforskarar meiner at dersom CO2-utsleppa held fram med å auke, vil det gjennomsnittlege havnivået stige med rundt fem meter.


Slike tal er sjølvsagt svært usikre. Likevel peiker dei i ei viss lei: Havnivået kjem venteleg til å stige merkande i dette hundreåret. Det vil i så fall føre til total øydelegging av dei landbruksområda i verda som i dag ligg på havnivå.

Mykje er usikkert les meir

Landjorda er ikkje stabil. Nokre kystområde stig, mellom anna i Alaska. Der fell vasstanden. Det vil seie at det ikkje berre er volumet av havvatnet som avgjer havnivået, men òg korleis landjorda rører seg. Når isen på fastlandet smeltar og renn ut i havet, vil landet som tidlegare låg under isen, heve seg og motverke noko av auken i vasstanden frå smeltevatnet.

Temperaturstigning kan òg føre til auka fordamping og utvikling av fleire skyer. Skyene kan reflektere meir av sollyset attende til verdsrommet og på den måten redusere drivhuseffekten. Alle overslag som prøver å spå kva som vil skje med havnivået i framtida, er derfor svært usikre.

Kva skjer i Arktis?

Dei siste femti åra har vintertemperaturane i Arktis auka med 3–4 ºC, og det er meir enn gjennomsnittet for resten av jorda. Dersom denne utviklinga held fram, vil det få store konsekvensar for både havstraumane og dyrelivet i arktiske område.

Når isen smeltar, blir havvatnet mindre salthaldig. Det verkar i sin tur inn på plante- og dyrelivet i vassmassane rundt polane. Der det tidlegare låg is heile året, kan vi no sjå ope vatn om sommaren. Satellittbilete har synt at isen i Arktis er over 45 prosent tynnare i dag enn for førti år sidan, og den største endringa har skjedd dei siste åra.

Mindre refleksjon, meir smelting les meir

I snødekte område blir delar av solstrålane reflekterte attende til verdsrommet. Havet vil då etter kvart absorbere store delar av den energien som tidlegare blei reflektert. Fordi dette gjeld svært store område, kan smeltinga få konsekvensar for resten av jorda.

I tillegg reknar forskarane med at tempoet på smeltinga vil auke. Det er ein av grunnane til at oppvarminga i arktiske strøk truleg kjem til å gå fortare enn elles på jorda. Forskarane reknar med at temperaturen på Svalbard dei neste hundre åra kan auke med 6–8 ºC. Isbreane på Svalbard er for små til at ei smelting fører til særleg auka vass-stand. Då er det verre med isen på Grønland. Han er stor nok til at ei smelting vil få vasstanden til å auke.

Permafrosten

Permafrost (permanent frost) vil seie at bakken er frosen året rundt. Det er permafrost på Svalbard, i store delar av Canada, i Alaska og Sibir, og nokre stader i Finnmark og på norske høgfjell. Om sommaren er det berre dei øvste metrane som smeltar. På Svalbard kan telen gå så djupt som 400 meter, og i Sibir heile 1500 meter ned i bakken.

Høgare temperaturar i Arktis kan få telen til å tine. Permafrosten blir brukt som fundament for både hus- og vegbygging. I Russland kviler høgblokkene på han. Når underlaget sviktar, kan òg vegar og rørleidningar bli øydelagde. Jordskred og flaum blir ei følgje av sviktande underlag.

I område med permafrost rotnar ikkje død vegetasjon. Men når permafrosten smeltar, kan mikroorganismar starte ein rotningsprosess av dødt plantemateriale. Med lite tilgang på oksygen blir det frigjort store mengder metan og karbondioksid frå bakken. Dette er drivhusgassar som aukar drivhuseffekten i atmosfæren ytterlegare, og som i sin tur forsterkar oppvarminga av jorda.

Læringsressursar

Drivhuseffekten gjer jorda leveleg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Tiltak som verkar"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Klimasystemet"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff