1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Drivhuseffekten gjer jorda levelegChevronRight
  5. Konsekvensar av auka drivhuseffektChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konsekvensar av auka drivhuseffekt

IPCC, SN sitt klimapanel, slår fast at vi med 95 % sannsyn har menneskeskapte klimaendringar på jorda. Den auka drivhuseffekten har ført til oppvarming av luft, jord og hav, og vil føre til ytterlegare oppvarming, dersom vi ikkje reduserer bruken av kull, olje og gass.

En mann og en kvinne står i vann til lårene i en gate. Foto.

Klimaendringar

Klimaet er ei framstilling av dei gjennomsnittlege vêrtilhøva ulike stader på jorda over lengre tidsrom, for eksempel tretti år eller meir.

Gjennomsnittsverdiar for temperatur, nedbør, vind, skyer og fukt varierer med breiddegraden, og dermed med kor høgt sola kjem på himmelen. Nær ekvator er det tropisk klima, lenger nord og sør er det temperert klima, og nær polane er det polart klima.

Klimaet på jorda har endra seg fleire gonger, lenge før vi menneske for alvor tok til å bruke fossilt brensel. Klimaendringar har følgt i kjølvatnet av alle endringar som gjennom tidene har gått føre seg på sola, likeins endringar i jordbanen. Vi har hatt istider og varme periodar. Vulkanutbrot har tidvis ført til lågare temperaturar ved at veldige skyer av lavastøv har stige opp i atmosfæren og stengt for sollyset over delar av jordoverflata. Det er store variasjonar i vêret frå dag til dag og frå månad til månad. Det er òg store variasjonar i vêret frå år til år. Vi kan ha milde vintrar fleire år på rad utan at det treng vere teikn på at klimaet har endra seg. Når vi studerer klimaet, er vi interesserte i korleis gjennomsnittsvêret endrar seg over mange år.

Menneskeskapte utslepp

Mange av dei gassane som bryt ned ozonet i stratosfæren, er samstundes drivhusgassar. Ein auke av desse gassane kan derfor føre til både høgare gjennomsnittstemperatur på jorda og auka ultrafiolett stråling ved jordoverflata. Eit mogleg resultat av dette er katastrofale klimaendringar for både menneske, dyr og planter.

Store delar av det karbondioksidet (CO2) som blir sleppt ut i atmosfæren, løyser seg opp i havvatnet. Noko blir også teke opp av dei grøne plantene på jorda. Likevel blir det CO2 til overs. Innhaldet av CO2 i atmosfæren har auka jamt dei siste tretti åra.

I tillegg til at sjølve utsleppa aukar, minkar mengda av vegetasjon som er i stand til å ta opp CO2, mellom anna på grunn av nedhogging av skog. Nedhogginga av tropisk regnskog kan på berre eitt år føre til at innhaldet av CO2 i atmosfæren aukar med over ein milliard tonn.

Målingar av temperatur og nedbør over fleire år kan gi ein peikepinn om endringar i klimaet. FN sitt klimapanel utarbeider vitskaplege rapportar om verknadene av klimaendringar på jorda, og kva for tiltak som bør setjast i verk. Dei reknar med at menneskelege aktivitetar kan føre til at gjennomsnittstemperaturen på jorda aukar med over 5 ºC i tida fram til år 2100. For oss vil det få konsekvensar som at tregrensa stig, og at somrane blir varmare. Det vil òg gi betre vilkår for sjøtransport i nordområda – men kanskje meir uvêr.

Læringsressursar

Drivhuseffekten gjer jorda leveleg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Tiltak som verkar"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Klimasystemet"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff