Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Drivhuseffekten gjer jorda levelegChevronRight
  5. Samandrag – DrivhuseffektenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Drivhuseffekten

Røyk fra skorstein med sola i bakgrunnen. Foto.
  • Drivhuseffekten går ut på at atmosfæren er gjennomsiktig for synleg sollys, men absorberer store delar av varmestrålinga frå bakken.
  • Utan drivhuseffekten ville gjennomsnittstemperaturen på jorda vore minus 19 °C. På grunn av drivhuseffekten er den faktiske gjennomsnittstemperaturen 15 °C.
  • Auka energibruk fører til auka utslepp av mellom anna CO2 til atmosfæren. Når CO2-innhaldet aukar, vil meir av varmestrålinga frå jorda bli absorbert og føre til høgare gjennomsnittstemperaturar.
  • Drivhusgassar er samnemninga på dei gassane som absorberer varmestrålinga frå bakken. Dei vanlegaste er H2O og CO2.
  • Jorda er i energibalanse når varmestrålinga ho gir frå seg, er like stor som energien ho tek imot frå sola og atmosfæren. Atmosfæren er i energibalanse når varmestrålinga som blir send til verdsrommet og jorda, er lik energien som atmosfæren tek imot frå jorda og sola.
  • Energibalansen for jorda og atmosfæren blir forskuva når auken av drivhusgassar fører til at atmosfæren absorberer meir av varmestrålinga frå jorda.
  • Klimaet er ei framstilling av dei gjennomsnittlege vêrtilhøva ulike stader på jorda over lengre tidsrom.
  • Dei siste hundre åra har innhaldet av karbondioksid i atmosfæren auka.
  • Ein global temperaturauke fører til at havnivået stig, og isen på fastlandet kan smelte.
  • Nedhogging av tropisk regnskog kan føre til ein auke i drivhuseffekten fordi det då blir meir CO2 i atmosfæren.
  • Dei siste femti åra har vintertemperaturane i Arktis auka med 3–4 ºC, og det er meir enn gjennomsnittet for resten av jorda. Høgare temperatur i Arktis kan få permafrosten til å tine.
  • Av tiltak som i dag blir sette ut i livet for å redusere auken i drivhuseffekten, nemner vi særleg reduksjon av utsleppa, mindre energibruk og auka fotosyntese, mellom anna gjennom nyplanting av skog.

Læringsressursar

Drivhuseffekten gjer jorda leveleg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?