Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Drivhuseffekten gjer jorda levelegChevronRight
  5. Øvingsoppgåver - DrivhuseffektenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Øvingsoppgåver - Drivhuseffekten

  1. Drivhuseffekt og energi
    1. Av fossilt brensel får vi både CO2 og H2O, men det er ikkje registrert nokon auke av H2O- innhaldet i atmosfæren. Korleis kan det henge saman?
    2. Kva samanheng er det mellom energibruk og auka drivhuseffekt?
    3. Korfor har ikkje månen nokon drivhuseffekt?
    4. Kva vil det seie at atmosfæren er i energibalanse?
    5. CO2-innhaldet i atmosfæren varierer med årstida. Når på året er innhaldet størst, og når er det minst?
    6. Den elektromagnetiske strålinga frå sola og varmestrålinga frå jorda har ulike bølgjelengder. Korleis vil du bruke det til å forklare at vi har ein drivhuseffekt på jorda?
    7. Kva slags stoff er skadelege både for ozonlaget og drivhuseffekten?
  2. Av teorien om drivhuseffekten går det fram at gjennomsnittstemperaturen på jorda heng saman med kor mykje atmosfæren absorberer av varmestrålinga frå jorda. La oss seie at atmosfæren absorberer ein brøkdel α av all varmestrålinga frå jorda. Vi kan då vise at samanhengen mellom måltalet for gjennomsnittstemperaturen x og brøkdelen α er gitt ved uttrykket
    473/(2 - α) = konstant • x4

    1. Kva skjer med verdien av α når innhaldet av drivhusgassar i atmosfæren aukar?
    2. Bruk uttrykket til å forklare korleis det då går med gjennomsnittstemperaturen på jorda.
    3. Vis at atmosfæren absorberer 79 % av varmestrålinga frå jorda når gjennomsnittstemperaturen er 288 K (15 ºC).

      Måltalet for konstanten er 5,67 • 10-8.

Læringsressursar

Drivhuseffekten gjer jorda leveleg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Tiltak som verkar"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Klimasystemet"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff