Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Drivhuseffekten gjer jorda levelegChevronRight
  5. Energibalansen i atmosfæren ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Energibalansen i atmosfæren

Jorda tek imot energi frå sola og blir varma opp. Deretter blir energien send vidare til atmosfæren som varmes opp.

Sol skinner på blå himmel

Ingen drivhuseffekt utan atmosfæren

Hadde vi ikkje hatt nokon atmosfære, måtte all energien som jorda tok imot frå sola, i sin tur sendast vidare ut i verdsrommet. Då ville temperaturen på jorda ha vore konstant lik -19 ºC, men det blir han ikkje, fordi jorda har ein atmosfære.

Med energibalanse meiner vi at motteken energi er lik ytt energi.

Jorda tek imot energi frå sola og blir varma opp. Deretter blir energien send vidare til atmosfæren. Når atmosfæren tek imot denne energien frå jorda, blir òg atmosfæren varma opp. Atmosfæren sender så ein del av energien vidare ut i verdsrommet, og den resterande delen attende til jorda. Temperaturen i atmosfæren blir då konstant. Jorda tek altså imot energi både frå sola og frå atmosfæren. Her har vi ikkje rekna med at atmosfæren får energi frå sola. Det har samanheng med at vi har med to former for elektromagnetisk stråling å gjere.

Energien som jorda får frå sola, er for det meste synleg lys, og dette lyset går i praksis uhindra gjennom atmosfæren. Energien som blir utveksla mellom jorda og atmosfæren, er stort sett varmestråling, og denne strålinga blir absorbert av atmosfæren.

Utvekslinga av ulike energiformer mellom jorda, atmosfæren og verdsrommet er mykje meir komplisert enn det enkle biletet vi har brukt. Mellom anna kan transport av energi frå jordoverflata òg skje ved fordamping av havvatn og sirkulasjon av store luftmassar i atmosfæren. Men drivhusmodellen vår har likevel ein fordel fordi han på ein enkel måte viser hovudprinsippet for energiutvekslinga mellom sola, jorda og atmosfæren.

Menneskeleg aktivitet

Energiutvekslinga mellom jorda og atmosfæren er noko meir enn varmestråling til og frå eit tenkt drivhustak. I resonnementet ovanfor har vi gått ut frå at atmosfæren absorberer all varmestråling frå jorda før atmosfæren sender denne strålinga vidare. Utrekningar viser at det ikkje er tilfellet.

Linjediagram. Illustrasjon.
Eit menneskeleg bidrag på 5 % av CO2 til atmosfæren vil til liks med eit bankinnskot hope seg opp over tid.

Ein balanse mellom motteken og ytt energi, både for jorda og for atmosfæren, tilseier at berre 79 prosent av varmestrålinga frå jorda blir absorbert av atmosfæren. Det er denne brøkdelen som blir fordelt mellom verdsrommet og jorda som varmestråling, og som gir oss ein gjennomsnittstemperatur på 15 ºC. Men denne balansen kan forskuvast.

Dess større innhaldet av drivhusgassar i atmosfæren blir, dess meir vil atmosfæren absorbere av varmestrålinga frå jorda, og dess høgare blir gjennomsnittstemperaturen på jorda.

Etter den industrielle revolusjonen har menneskeleg aktivitet ført til ein auke av drivhusgassane i atmosfæren. Det vil seie at atmosfæren absorberer stadig meir av varmestrålinga frå jorda, og då får atmosfæren tilsvarande meir varmestråling å sende attende til jorda. Det har ført til at gjennomsnittstemperaturen på jorda har stige med om lag 0,6 ºC dei siste 150 åra. Om vi ikkje reduserer utsleppa av klimagassar, kan temperaturen auke atskilleg meir.

Læringsressursar

Drivhuseffekten gjer jorda leveleg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Tiltak som verkar"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Klimasystemet"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff