Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Drivhuseffekten gjer jorda levelegChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Drivhuseffekten - atmosfæren held på varmen

På månen er det ingen atmosfære, og der er det heller ingen drivhuseffekt. På solsida av månen er temperaturen om lag 100 ºC, men på nattsida er temperaturen -150 ºC. Slik ville vi òg hatt det på jorda om vi ikkje hadde ein atmosfære som tok seg av drivhuseffekten.

Bakgrunnsgrafikk til illustrasjon av drivhuseffekten. Grafikk.

Kva er drivhuseffekten?

Vi bruker uttrykket drivhuseffekt fordi vi samanliknar atmosfærenmed glaset i eit drivhus. Glaset slepper den synlege solstrålinga gjennom, men stoppar mesteparten av varmestrålinga frå bakken. Derfor stig temperaturen inne i drivhuset. Noko tilsvarande gjeld for atmosfæren. Atmosfæren er gjennomsiktig for synleg sollys, men absorberer store delar av varmestrålinga frå bakken.

Jorda har ein naturleg drivhuseffekt som gir oss ein gjennomsnittstemperatur på 15 ºC. Slik ønskjer vi at det skal halde fram med å vere. Men i dag er forbruket av fossilt brensel større enn nokon gong, og som ei følgje av det, aukar innhaldet av karbondioksid i atmosfæren. Dess meir karbondioksid vi får, dess meir av varmestrålinga frå jorda blir absorbert, og dess meir aukar temperaturen. Det er brei semje blant klimaforskarar om at dette fører til klimaendringar, noko vi kan observere allereie.

Energibruk og drivhuseffekt

I fleire milliardar år har livet på jorda berre kunna bruke sola som energikjelde. Solenergien er årsak til fotosyntesen i grøne planter og skaper eit klima med høveleg temperatur. Etter kvart kunne solenergien òg brukast indirekte ved at forfedrane våre greidde å lage eld ved å brenne trevyrke. Seinare har menneske òg utnytta solenergien som ligg lagra i både torv og kol.

Kol og olje er millionar år gamle lager av fossilt brensel, og dei er restar av planter og dyr som voks og levde av solenergi. Trea som veks og lever i dag, er nye lager av solenergi.

Eit moderne industrisamfunn treng energi til å drive fabrikkar og transportmiddel som bilar, båtar, tog, fly, traktorar og andre landbruksmaskiner. Energien til dette kjem for det meste frå fossilt brensel, anten direkte ved bruk av kol og olje, eller indirekte som elektrisk straum frå olje- eller kolfyrte varmeenergiverk. Når varmeenergiverka bruker olje og kol som energikjelde, er det hydrokarbon som forbrenn, og då blir det utvikla karbondioksid (CO2) og vatn (H2O).

Drivhusgassar

Drivhusgassar er samnemninga på dei gassane som absorberer varmestrålinga frå bakken. Dei vanlegaste er vassdamp og karbondioksid, der vassdamp er den gassen som medverkar mest til drivhuseffekten.

Gass

Volumbrøk i troposfæren

Relativ drivhuseffekt samanlikna
med CO2

N2
(nitrogengass)

ca. 78 %

Ubetydeleg

O2
(oksygengass)

ca. 21 %

Ubetydeleg

Ar
(argon)

ca. 1 %

Ubetydeleg

H2O
(vassdamp)

ca. 1 %

0,1

CO2
(karbondioksid)

ca. 0,038 %

1

CH4
(metan)

ca. 0,000 17 %

30

N2O
(lystgass)

ca. 0,000 03 %

160

CCl2F2
(klorfluorkarbon)

ca. 4,8·10-8 %

25 000

CCl3F
(klorfluorkarbon)

ca. 2,8·10-8 %

21 000

Forklaring til tabellen les meir

Tabellen ovanfor viser det relative tilskotet til drivhuseffekten frå ulike gassar i atmosfæren jamført med tilskotet frå karbondioksid (CO2). Når for eksempel det relative tilskotet til drivhuseffekten frå metan (CH4) er 30, vil det seie at eitt CH4-molekyl har same effekten som 30 CO2-molekyl. Ettersom det er 200 gonger større konsentrasjon av karbondioksid enn av metan, er likevel karbondioksid den viktigaste drivhusgassen av desse to.

KFK-stoffa (CCl2F2 og CCl3F i tabellen er slike) har to skadelege eigenskapar for miljøet på jorda. I tillegg til at dei bryt ned ozonet i den øvre atmosfæren, er dei òg drivhusgassar. Det vil seie at dei har den same eigenskapen som karbondioksid ved at dei absorberer varmestrålinga frå jorda. Men eit KFK-molekyl kan ha over 20 000 gonger større effekt som drivhusgass enn eit CO2-molekyl.

(Kjelder: NASA, CDIAC)

Læringsressursar

Drivhuseffekten gjer jorda leveleg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Tiltak som verkar"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Klimasystemet"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff