Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Drivhuseffekten gjer jorda levelegChevronRight
  5. Oppgåver til filmen "Klimasystemet"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til filmen "Klimasystemet"

Klimasystemet på jorda

Dei siste 30–40 åra har vi sett at klimaet endrar seg raskare enn naturlege årsaker aleine kan forklare, og vi har mange observasjonar på at det har skjedd ei global oppvarming. FNs klimapanel er nesten heilt sikre på at den viktigaste forklaringa ligg i menneskeleg aktivitet som fører til auka konsentrasjon av drivhusgassar i atmosfæren, og som medverkar til ein forsterka drivhuseffekt.

Oppgåver før du ser filmen

  1. Kva er forskjellen på klima og vêr?
  2. Kva er det som påverkar temperaturen på jorda?
  3. Korleis har klimaet endra seg gjennom tusenvis av år?

Oppgåver til filmen

  1. Kva delar består klimasystemet av?
  2. Kvifor er det så store temperaturforskjellar mellom ekvator og polområda?
  3. Beskriv korleis temperaturforskjellane mellom ekvator og polområda påverkar vind- og havstraumane på jorda. Bruk figurane under til hjelp.
    Piler som viser strømmer på jorda.
  4. El Niño og La Niña er namna på to tilstandar i havet og atmosfæren i Stillehavet som opptrer ved uregelmessige mellomrom. Beskriv kva som kjenneteiknar ein El Niño.
    Skjematisk hvordan el ninjo virker.
  5. Gi eksempel på korleis El Niño påverkar vêrmønsteret på store delar av jorda.
  6. Bruk erfaringar frå El Niño til å forklare kvifor små endringar i klimasystemet kan få store konsekvensar for klimaet på jorda.
  7. Korleis kan forskarar bruke iskjernar til å berekne temperaturen og CO2-innhaldet i atmosfæren fleire hundre tusen år tilbake i tid?
  8. Kurva på figuren under viser endringar i temperaturen gjennom dei siste 400 000 åra. Bruk kurva til å fastslå om det er istid eller mellomistid ved år 400 000 f.Kr., 200 000 f.Kr. og 1850 e.Kr.
    Mann som står bak virtuell temperaturkurve.
  9. Kva kan vere årsakene til at gjennomsnittstemperaturen på jorda har variert dei siste 400 000 åra?
  10. Vi kan seie at det er ein samvariasjon mellom CO2-kurva og temperaturkurva gjennom dei siste 400 000 åra. Prøv å forklare kva som er meint med omgrepet samvariasjon.
  11. Etter 1850 har CO2-konsentrasjonen i atmosfæren auka betrakteleg. Kva er årsakene til denne auken?
  12. Kvifor trur forskarar at auka CO2-konsentrasjon i atmosfæren vil gi auka gjennomsnittstemperatur på jorda?
  13. Forklar omgrepet tilbakekopling.
  14. Havis dekt av snø reflekterer 85–90 prosent av sollyset, mens havvatn berre reflekterer 10 prosent. Vegetasjon og mørk jord reflekterer om lag 20 prosent av sollyset. Kva trur du skjer med temperaturen på jorda viss isen smeltar?
  15. Gi tre andre eksempel på tilbakekopling.

Fordjupningsoppgåver

  1. Finn ut kva La Niña er. Kvifor blir El Niño kalla varm tilstand og La Niña kalla kald tilstand?
  2. Beskriv forskjellige metodar forskarane bruker til å kartleggje klimaendringar i fortida.
  3. Kvifor er det vanskeleg å trekkje ein sikker konklusjon på kva som er årsaka til klimaendringar?

Forslag til kjelder

El Niño og La Niña (ESPERE klimaleksikon)
Hvorfor skjer global oppvarming? (viten.no)
Hva er klima, og hvordan har det endret seg? (cicero.uio.no)
Klimaendringer i fortiden (bjerknes.uib.no)
Klimaendringer – før og nå (polarskolen.no)
Golfstrømmen og vårt milde klima (bjerknes.uib.no)
Havstrømmer (forskning.no)

Læringsressursar

Drivhuseffekten gjer jorda leveleg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Tiltak som verkar"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff