1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Drivhuseffekten gjer jorda levelegChevronRight
  5. Oppgåver til filmen "Tiltak som verkar"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til filmen "Tiltak som verkar"

Klimatiltak som verkar

Klimatiltak vil i stor grad handle om politikk. Samtidig er det ofte komfortabelt å skyve ansvaret over på ”systemet”. Da kan vi halde fram å forbruke som før, bidraget vårt er jo berre som ein drope i havet. Men forbruk av varer, oppvarming av bustader, transport til skule og jobb, feriereiser og avfallshandtering er òg ein viktig del av biletet. Kva kan du gjere for å leve meir klimavennleg?

Oppgåver før du ser filmen

  1. Gi eksempel på tiltak som kan redusere CO2-utslepp.
  2. Kva kan du sjølv gjere for å redusere CO2-utslepp?

Oppgåver til filmen

  1. Gi to eksempel på land som bruker mykje energi per innbyggjar, og to eksempel på land som bruker lite energi per innbyggjar. Kvifor trur du desse landa har forskjellig energibruk?
  2. Noreg slepper ut 8,5 tonn CO2 per innbyggjar per år, mens i Sverige er tilsvarande tal 5 tonn. Kvifor er CO2-utsleppa større i Noreg enn i Sverige?
  3. Korleis kan vi endre energibruken slik at vi reduserer CO2-utsleppa?
  4. Beskriv hovudprinsippa for korleis solcellene vi har i dag, verkar.
  5. Kvifor kan forsking på solceller vere eit viktig bidrag for å redusere CO2-utsleppa?
  6. På Mongstad arbeider forskarar med fangst og lagring av CO2. Kva utfordringar må løysast før slik teknologi kan takast i bruk?
  7. Kva tiltak kan du som vanleg person gjennomføre i løpet av ein vanleg dag?
  8. Korleis kan du påverke politiske vedtak som fremjar tiltak for å redusere CO2-utslepp?

Fordjupningsoppgåver

  1. Beskriv korleis avfallshandteringa og avfallsmengda vi har i dag, medverkar til CO2-utslepp.
  2. Kva tiltak for avfallshandtering og reduksjon av avfallsmengd kan medverke til å redusere CO2-utslepp?
  3. Tenk deg at alle familiar i Noreg må redusere transport med personbil med 50 prosent. Kva konsekvensar vil dette få for deg?

Forslag til kjelder

Hva kan vi gjøre med klimaendringene? (cicero.uio.no)
Avfall (miljostatus.no)
Utslippskutt – hvem, når og hvor mye? (cicero.uiol.no)

Læringsressursar

Drivhuseffekten gjer jorda leveleg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Klimasystemet"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff