1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Ozonlaget stoppar skadeleg UV-strålingChevronRight
  5. Samandrag – Ozon i atmosfærenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Ozon i atmosfæren

Jordkloden med farger som representerer tykkelsen på ozonlaget. Grafikk.
Ozonhull juli-oktober 2009
  • Ozon, O3, er ein svakt blåfarga og giftig gass som blir utvikla av oksygen i lufta ved hjelp av ultrafiolett lys eller elektriske utladingar.
  • Ozonet vi har i stratosfæren i dag, skriv seg frå fotosyntesen og den ultrafiolette strålinga frå sola.
  • Eit mål på ozonkonsentrasjonen er tjukkleiken av ozonlaget når vi tenkjer oss ozonlaget pressa saman til 1 atm og 0 ºC.
  • Ozonlaget absorberer skadelege, energirike ultrafiolette foton ved at O3 blir omforma til O2 og O. Men nytt O3 blir utvikla ved at O2 og O går saman og lagar O3.
  • Ultrafiolett stråling blir delt inn etter energi eller bølgjelengder i tre område. UVC er den mest energirike delen, og denne strålinga blir fullt ut absorbert i atmosfæren. Delar av UVB-strålinga og så å seie all UVA-strålinga når heilt ned til bakken.
  • Balansen mellom nedbryting og oppbygging av ozon i stratosfæren blir forstyrra av mellom anna kloratom, som verkar som katalysator for nedbryting av ozonet.
  • Ozonholet over Antarktis ligg i ekstremt kalde område i stratosfæren med svært liten ozonkonsentrasjon.
  • Læringsressursar

    Ozonlaget stoppar skadeleg UV-stråling

    SubjectEmne

    Fagstoff

    SubjectEmne

    Oppgaver og aktiviteter