Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Ozonlaget stoppar skadeleg UV-strålingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Ozonlaget stoppar skadeleg UV-stråling

Ozonlaget er den delen av atmosfæren som beskyttar oss mot den mest energirike UV-strålinga frå sola.

Utsnitt av jorda med atmosfære sett fra verdensrommet. Foto.

Ozonlaget – tynt lag med stor effekt

Ozonlaget er den delen av atomsfæren som beskyttar oss mot mesteparten av den skadelege UV-strålinga frå sola. Dette er eigentleg ikkje noko massivt lag, slik vi kanskje tenkjer oss, men eit område i atmosfæren der konsentrasjonen av ozon er noko høgare enn elles.

Ozonlaget fekk mykje merksemd på 1970– og 80–talet, da ein oppdaga at mengda ozon i atmosfæren hadde sokke dramatisk på grunn av menneskeleg aktivitet. Tiltak blei sett i gang for å "redde" ozonlaget, noko ein langt på veg lukkast i, men framleis er ozonlaget tynt enkelte stader i verda.

Du skal få sjå nærmare på kva ozon og ozonlaget er, kva som gjorde at ozonlaget blei tynnare og korleis verda saman klarte å gjere noko med dette problemet.

Læringsressursar

Ozonlaget stoppar skadeleg UV-stråling