Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Nordlyset – mystikk og vitskapChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Øvingsoppgåver – Nordlys – mystikk og vitskap

Rosa kule av plasma sender ut stråler i alle retninger. Foto.

  1. Ved hjelp av nøyaktige observasjonar av tid og stad for nordlyset ymse stader på kloden, oppdaga ein på 1700-talet for første gong at nordlyset kunne vere synleg i Nord-Skandinavia, Nord- Amerika og Nord-Asia på same tid. Kva var det som då vart oppdaga?
  2. Anne (A) og Bernt (B) er to observatørar som begge skal måle høgda til eit nordlys over Finnmark. Anne er i Alta (A), mens Bernt er i Hammerfest (B). Avstanden mellom dei, AB, er tilnærma lik 80 km i luftlinje. Dei to har telefonkontakt og fortel at dei samstundes ser nordlyset i eit punkt C under same vinkelen, ∠A = ∠B = v = 72º. Det vil seie at trekanten ABC blir likebeint. Bruk dette til å rekne ut høgda til nordlyset.
  3. a) Kva er bakgrunnen for at vi kallar nordlyset «atmosfæren sitt fingeravtrykk»?
    b) Gjer greie for fordelar og ulemper ved å bruke rakettar i staden for satellittar til å studere nordlyset.

Læringsressursar

Nordlyset – mystikk og vitskap

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff