1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Nordlyset – mystikk og vitskapChevronRight
  5. NordlysforskingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nordlysforsking

Det er knapt mogleg å sjå nordlys utan å bli påverka av det. Nordlyset ser ut som eit fantastisk fyrverkeri av blå, gule, grøne og raude fargar som bølgjar over himmelen. Nordlys blir òg kalla "aurora borealis", som tyder "morgonrauden i nord".

To grønne laserstråler fra fjelltopp med nordlys over nattehimmelen. Foto
Luftforskningsobservatoriet ALOMAR er tilknytta Andøya Space Center og gjer undersøkingar i atmosfæren.

Moglege forklaringar på nordlys

To menn som står rundt terella eksperimentets forsøskutstyr. Foto.
Birkeland med sin berømde nordlysmodell: Terellaen.

Mange har fundert over kva dette lysshowet kjem av. Allereie i læreskriftet Kongsspegelen, som blei skrive ned på 1200-talet, finn vi teoriar om nordlyset. Her blei det forklart at nordlyset var refleksjonar på himmelen frå den varmen som omringa jorda, refleksjonar av solstrålane i snøkrystall i lufta og utstråling av lyset frå midnattssola, som isen i nord hadde samla gjennom sommaren. Desse teoriane var svært avanserte om vi samanliknar med seinare teoriar frå forskarar lenger sør i Europa. Det var i Kongsspegelen at fenomenet fekk namnet sitt: norðljós eller norðurljós.

Noreg har òg i moderne tid vore ein leiande nasjon innanfor forsking på nordlys. Den norske forskaren Kristian Birkeland (1867–1917) la fram den første teorien om korleis nordlys oppstår, i 1896. Han meinte at nordlys oppstårpå grunn av at stråling av partiklar frå sola blei dregen inn av magnetfeltet rundt jorda. For å bevise teorien gjennomførte han det kjende Terrella-eksperimentet, der han laga kunstig nordlys rundt ein modell av jordkloden. Forsøket vekte begeistring i heile det internasjonale naturvitskapelege forskingsmiljøet.

Forskingsrakettar

Andøya Space Center er ein hjørnestein i bakkebasert nordlysforsking. Frå bakken kan ein studere nordlyset nedanfrå, frå satellitt kan ein studere det ovanfrå, men ved hjelp av rakettar kan ein gjere målingar inne i sjølve nordlyset. Den første forskingsraketten blei skoten opp frå Andøya 18. august 1962. I dag er rakettskytefeltet eit viktig senter for nordlysforsking, og meir enn 50 universitets- og forskingsgrupper frå Europa, Amerika og Japan er med.

Rakettane som blir skotne opp, er normalt mellom 10 og 20 meter lange. Dei har ei instrumentlast på mellom 150 og 200 kg, og dei når opp til ei høgd på om lag 350 km. Høgderekorden er om lag 1500 km. Det store nedslagsfeltet for rakettane i Norskehavet gjer at ein kan velje skyteretning ganske fritt utan å risikere å treffe land. Det er òg mogleg å skyte opp fleire rakettar samtidig. Dei siste åra har ein dessutan begynt å berge instrumentlasta ved å la ho falle ned i fallskjerm. Lasta blir då plukka opp med båt eller helikopter, og instrumenta kan brukast om igjen i ein ny rakett.

Læringsressursar

Nordlyset – mystikk og vitskap

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Øvingsoppgåver – Nordlys – mystikk og vitskap

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff