Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Introduksjon – Lys og bølgjerChevronRight
  5. Kjenneteikn på ei bølgjeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjenneteikn på ei bølgje

Bølgjerørsle: Kvart av punkta på tauet svingar rett opp og ned. Dei blir ikkje med i retninga bølgja breier seg i, men dei overfører rørsla si til nabopunktet på tauet slik at det òg svingar opp og ned, men litt forseinka i høve til det første.

Bølgjerørslene forplantar seg langs tauet, og resulterer i ei bølgje som breier seg bortover. Det er akkurat det same som skjer når publikum «tek bølgja på tribunen». Kvar einskild reiser seg og set seg att, men bølgja breier seg rundt tribuneanlegget.

Viktige storleikar for ei bølgje

Bølgjelengde, λ:

Den kortaste avstanden mellom to punkt på bølgja som svingar likt. Ein enkel måte å lese ho av på er å måle avstanden frå bølgjetopp til bølgjetopp.

Amplitude, A:

Dette er det maksimale utsvinget punkta på bølgja kan gjere frå likevektslinja. (Vi bryr oss ikkje om utsvinget er på over- eller undersida.)

Periode, T:

Perioden er tida eit punkt på bølgja brukar på å gjennomføre ei heil svinging. Vi kan òg bestemme perioden ved å måle tida frå ein bølgjetopp passerer til den neste gjer det.

Frekvens, f:

Frekvensen er talet på svingingar som punkta på bølgja gjer per sekund. Vi kan rekne ut dette som

f=talet på svingingartid

Dersom vi ser på spesialtilfellet med 1 svinging, så fortel perioden, T, kor lang tid det tek å gjennomføre denne. Det vil seie at vi har samanhengen f=1T

Bølgjefart, v:

Bølgja breier seg med konstant fart ut frå staden der ho starta. Vi veit at fart=strekningtid

Dersom vi har ei strekning på 1 bølgjelengde, veit vi at tida bølgja har brukt for å gå denne strekninga er 1 periode, T. Det kan vi setje inn i formelen for fart v=λT

Vi kan òg uttrykkje dette ved hjelp av frekvensen v=λT=λ·1T=λ·f

Såleis har vi den enkle samanhengen v=λf

Med denne kan vi rekne om mellom frekvens og bølgjelengde dersom bølgjefarten er kjend.

Læringsressursar

Introduksjon – Lys og bølgjer

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Store og små tal

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter