Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Introduksjon – Lys og bølgjerChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Introduksjon – Lys og bølgjer

Dette kapittelet handlar om ulike former for stråling, men kva er eigentleg stråling? Vi snakkar om lysstrålar, UV-stråling og radioaktiv stråling, men samtidig òg om mikrobølgjer og radiobølgjer. Er bølgjer og stråling det same, eller er det ulike fenomen?

Kva er ei bølgje?

I videoen ovanfor ser du bølgjer som oppstår når ein dråpe treffer overflata. Dråpen lagar ei forstyrring i overflata som breier seg utover i alle retningar. Kva er det eigentleg som skjer? Kvifor flyttar bølgja seg bortover?

For å svare på dette, må vi starte med årsaka, nemleg dråpen som fell ned i vatnet. Den skapar ei forstyrring i vassoverflata. Ettersom vatnet heng saman, blir naboområdet òg påverka av forstyrringa. Dermed blir området ved sidan av der igjen òg påverka, nett som dominobrikker på høgkant som fell og riv med seg neste brikke.

Så kva er lys? Er det bølgjer? Og kva er det i så fall som breier seg då?

Dette var det stor usemje om langt inn på 1800-talet då det blei gjort eksperiment som støtta bølgjeteorien. Men med kvantefysikken er tvilen attende, og sjølv i dag er ikkje forskarane heilt einige. Somme seier lys er bølgjer, andre seier lys er partiklar og somme seier at lys er både bølgjer og partiklar. Sanneleg ikkje greitt å forstå!

Vi snakkar om lysstrålar, varmestråling og mikrobølgjer. Og det verkar som vi brukar orda stråling og bølgjer litt om kvarandre. Men dersom lys er bølgjer, vil det seie at stråling også er ein type bølgjer? Kva trur du?

Læringsressursar

Introduksjon – Lys og bølgjer

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Store og små tal

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter