1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Stråling frå verdsrommetChevronRight
  5. Elektronsprang og absorpsjonsspekterChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Elektronsprang og absorpsjonsspekter

I dette forsøket skal du bruke ei simulering til å løyse oppgåver. Før du går laus på simuleringa og oppgåvene nedst på sida, bør du studere biletet av korleis spekter blir danna, og lese kva som skjer når lys går gjennom ein gass.

Kva skjer når lys går gjennom ein gass?

Lyset består av mange små energipakkar (foton) som møter atoma i gassen. Foton med riktig energi kan dytte elektron ut til høgare energinivå (elektronskal som ligg lengre ut). Dette blir kalla eksitering. Nokre foton vil kollidere og eksitere elektron som er i det lågaste energinivået (inste skal), mens andre kan eksitere elektron som ligg på andre energinivå.

Vi er vande med å sjå hydrogenatomet teikna med eitt elektron på lågaste energinivå, men i alle reelle situasjonar vil nokre hydrogenatom ha elektron som ligg i andre energinivå enn det lågaste.

Absorpsjonsspekter

Når fotoner med ei bestemt bølgjelengde eksiterer elektron, vil dei bli absorberte (stoppa), og ikkje passere gjennom gassen. Lysspekteret får då svarte striper, som er karakteristisk for denne gassen. Dette blir kalla eit absorpsjonsspekter.

Bruk simuleringa under til å løyse oppgåvene under.
Vis i fullskjerm

Læringsressursar

Stråling frå verdsrommet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter