1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Stråling frå verdsrommetChevronRight
  5. Øvingsoppgåver om stråling frå verdsrommetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Øvingsoppgåver om stråling frå verdsrommet

Silhuette foran en et lysfargespekter. Foto.
  1. Korfor lyser ei stjerne?
  2. Korleis kan vi avgjere den kjemiske samansetjinga til ei stjerne?
  3. Forklar korfor vi ser bakover i tid når vi studerer lyset frå stjernene.
  4. Den næraste stjerna (Proxima Centauri) ligg 4,2 lysår frå oss. Når sende denne stjerna ut det lyset vi i dag kan observere på jorda?
  5. Kor langt har lyset frå sola gått i verdsrommet sidan du vart fødd?
  6. Ei stjerne er 45 lysår unna. Kor lang tid bruker eit romfartøy som held farten 30 000 km/h, på denne strekninga?
  7. Spekter:
    1. Dette spekteret skriv seg frå lyset frå ei stjerne: Korleis kan vi sjå at hydrogen må vere eit av stoffa som har sendt dette lyset mot oss?
      Stjernespekter
      Stjernespekter
    2. I eit stearinlys er det karbonpartiklar som gløder. Korleis ser spekteret frå eit stearinlys ut?
    3. Korleis kan vi tolke dei mørke linjene i solspekteret?
  8. Vi kan bruke Planck-kurva for lyset frå ei stjerne til å finne temperaturen på stjerna. Vi har sett at ein høg temperatur på stjerna svarar til ei lita bølgjelengd for det lyset ho sender ut. Og omvendt svarar låg temperatur til ei stor bølgjelengd. Temperaturen og bølgjelengda er omvendt proporsjonale storleikar. Det kan vi skrive som ein formel:
    T × lm = 2,90 • 10 -3 mK
    Her er T temperaturen på stjerna, og lm er bølgjelengda for toppunktet på Planck-kurva.
    Eininga mK står for meter • kelvin. Finn temperaturen til ei stjerne som har ei strålingskurve som vist på figuren:

  9. Ved å måle perioden til ein kefeide kan vi finne kor mange watt kefeiden sender ut i alle retningar (utstrålt effekt). Ein liten brøkdel av dette stjernelyset råkar jorda, og her kan vi måle kor mange watt per kvadratmeter måleinstrumentet kan registrere (motteken effekt per areal). Utan forklaring skriv vi opp samanhengen mellom avstanden R til kefeiden, den utstrålte effekten L frå kefeiden og motteken effekt per areal, E:
  10. Kefeidar:
    1. Ein kefeide har ein utstrålt effekt på L = 3,8 • 1029 W. Med måleinstrument her på jorda finn vi at motteken effekt per areal frå kefeiden er E = 2,3 • 10–8 W/m2. Finn avstanden R til kefeiden.
    2. Når vi skal måle avstandar i verdsrommet, er det svært upraktisk å bruke meter som måleining. Det vanlege er å bruke avstanden som lyset går på eitt år, altså eit lysår. Lysfarten er 300 000 km/s. Kor mange meter er eit lysår?
    3. Finn avstanden til kefeiden i lysår.

Læringsressursar

Stråling frå verdsrommet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter