Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Stråling frå verdsrommetChevronRight
  5. RørsleretningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rørsleretning

"Big Bang"-teorien fortel at alt stoff i universet opphavleg fanst i éin stor klump. Då denne eksploderte for 13,8 milliardar år sidan, spreidde stoffet seg i alle retningar. Det viktigaste provet for denne teorien er at vi kan sjå at stjernene spreier seg. Dopplereffekten gjev oss forklaringa på det.

Lysende eksplosjon på mørk bakgrunn. Illustrasjon.

Beveger stjerna seg mot oss eller frå oss?
– Dopplereffekten

Du har sikkert lagt merke til at det høyrest ut som om ein bil endrar lyd når han køyrer forbi deg på vegen? Du høyrer ein lysare tone når bilen køyrer mot deg enn når han køyrer frå deg. Kva kjem det av? Bilen har same lyden heile tida, det kan alle som sit inne i han, stadfeste.

Dopplereffekt: Når bilen beveger seg framover, får vi ulik bølgjelengd framfor og bak han. Derfor vil lyden framfor og bak bilen ikkje vere lik.

Dopplerfrekvens. Illustrasjon.
Animasjon av dopplerfrekvens.

Dersom du klikkar på animasjonen over, vil du sjå at bilen sender ut bølgjer samtidig som han er i rørsle. Då vil det bli kortare bølgjelengd framfor bilen enn bak han. Kortare bølgjelengd tilsvarer høgare frekvens og gir eit høgare toneleie. Tilsvarande vil den lengre bølgjelengda bak bilen gi lågare frekvens og eit djupare toneleie. Vi oppfattar derfor at bilen får ein lysare tone når han køyrer mot oss enn når han køyrer frå oss.

Lys oppfører seg på same måten. Dersom ei lyskjelde er på veg mot oss, vil lyset frå lyskjelda få ei kortare bølgjelengd enn dersom lyskjelda er på veg bort frå oss. Derfor vil ei stjerne som er i rørsle mot oss, få ein meir blåleg farge enn normalt (blåforskuving). Ettersom universet utvidar seg, vil stort sett alle stjerner få ei raudforskuving. Graden av raudforskuving fortel kor fort stjerna er på veg bort frå oss. Det at alle stjernene er på veg bort frå oss, er ein av dei viktigaste indikasjonane for "Big Bang"-teorien, sidan vi kan observere at alle stjerner spreier seg frå eit felles startpunkt.

Ved å kikke på fargen til ei stjerne kan ein astronom altså sjå om stjerna er på veg mot oss eller bort frå oss, og kor fort stjerna rører seg i høve til oss.

Læringsressursar

Stråling frå verdsrommet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter