Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Stråling frå verdsrommetChevronRight
  5. Stoff og temperaturarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Stoff og temperaturar

Sollys som blir brote gjennom eit prisme gir eit spekter med fargane i regnbogen. Spekteret fra lyset til stjerner gir blant anna informasjon om kva dei består av.

Siluett av menneske på avstand under en stor stjernehimmel. Foto.

Striper i spekteret viser kjemiske stoff

Grunnen til at alle fargane i regnbogen er der, er at sollys inneheld heile spekteret av fargar. Vi får derfor eit kontinuerleg spekter.

Dersom slikt lys blir sendt gjennom ein gass, vil derimot noko av strålinga bli absorbert. Det fører til at spekteret får svarte strekar i dei aktuelle bølgjelengdene. Desse svarte strekane er på ulik stad for alle gassar, og det er derfor mogleg å sjå på eit slikt spekter kva slags gass lyset har gått gjennom. Dette kallar vi gassen sitt absorpsjonsspekter.

Dersom ein gass blir varma opp så mykje at han begynner å lyse, vil han sende ut stråling av nokre bestemte bølgjelengder. Spekteret vil då berre bestå av nokre smale striper med fargar. Det kallar vi gassen sitt emisjonsspekter, og det er ulikt for alle gassar. Vi kan derfor sjå kva slags gass som har blitt varma opp. Dette kan vise oss kva slags gassar ei stjerne består av.

Forskjellen på emisjon og absorpsjon. Illustrasjon.
Kontinuerlig spekter, emisjonsspekter og absorpsjonsspekter.

Fargen stjernene har, fortel om temperaturen deira

Sammenheng mellom effekt og bølgelengde. Illustrasjon.
Stjerner sin farge og varme.

Alle stjerner sender ut EM-stråling av alle bølgjelengder, men det er forskjellar mellom intensiteten i dei ulike bølgjelengdene. Som figuren over viser, kan vi lage ein graf som viser forholdet mellom bølgjelengd/farge (x-aksen) og intensitet (y-aksen). Når vi har teikna denne grafen, les vi av toppunktet. Bølgjelengda på dette toppunktet fortel oss kva temperaturen på stjerna er. Dette toppunktet svarer òg til den fargen vi synest stjerna har når vi ser på ho. Lang bølgjelengd kjem av låg temperatur og gir raudleg farge, mens kort bølgjelengd kjem av høgare temperatur og gir blåleg farge.

Læringsressursar

Stråling frå verdsrommet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter