Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Stråling frå verdsrommetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Stråling frå verdsrommet

Strålinga frå verdsrommet kan gi oss informasjon om fjerne planetar, solsystem og galaksar. Denne informasjonen er umogleg for oss å få ved å reise ut i rommet, fordi det tek for lang tid. Stråling reiser med lysets hastigheit, og det trengst med dei enorme avstandane som skal tilbakeleggjast.

Hubble-teleskopet med jorda og sola i bakgrunnen. Foto.

Rekkeviddeangst i rommet

Vår nærmaste stjerne, viss vi ser bort frå vår eiga sol, ligg 4 lysår unna. Ho heiter Proxima centauri, og det tek altså 4 år å reise dit viss du reiser like raskt som lyset. Med eit bemanna romskip må ein rekne med å bruke over 80 000 år. Heldigvis kan vi få ein god del informasjon om stjerner, planetar og galaksar som ligg enda lenger ut, utan at vi treng å forlate planeten vår.

Stjernene avslørast av stråling

Med ulike typar teleskop kan vi fange opp stråling frå stjernene, analysere dei og avdekkje ei heil rekkje eigenskapar ved dei ulike stjernene:

  • storleik
  • farge
  • samansetjing
  • hastigheit
  • retning (ja, dei beveger seg!)

Det beste av alt er at du ikkje treng å vere ekspert for å finne ut ein del av dette. I dette emnet skal du sjølv få avsløre kjempestjerner og skjulte planetsystem.

Læringsressursar

Stråling frå verdsrommet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter