1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Ioniserande stråling – høg energi gir nytte og fareChevronRight
  5. Forsøk: Måling av radioaktiv strålingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Måling av radioaktiv stråling

I dette forsøket skal du undersøkje ulike radioaktive kjelder.

Geigerteller. Foto.

Hensikt

Lære å måle ioniserande stråling.

Teori

Geigerteljaren er eit apparat som tel partiklane i ioniserande stråling. Apparatet har eit rør med vindauge som er kopla til ein høgtalar eller til eit elektronisk teljeverk.

Kvar gong ein partikkel kjem inn gjennom vindauget og ioniserer lufta i røret, blir det sendt ut ein kortvarig elektrisk puls som blir registrert av instrumentet.Den elektriske pulsen blir forsterka, og då kan vi høyre han som ei tikking i ein høgtalar, eller vi kan lese av talet på pulsar i eit elektronisk teljeverk.

Tikkinga per sekund i høgtalaren i geigerteljaren er eit uttrykkfor kor aktivt det radioaktive stoffet er. Kvar gong ein atomkjerneeksploderer, sender han ut ein ioniserande partikkel som kan registrerastav geigerteljaren.

Eininga for aktivitet heiter becquerel og har symbolet Bq. Eininga er definert slik: becquerel = 1 ⁄ sekund eller med symbol:
Bq = 1 ⁄ s

Aktivitet = talet på kjerneeksplosjonar / tid

Eininga er becquerel (Bq)

1 Bq = 1 / s (1kjerneeksplosjon / sekund)

Til våre målingar skal vi bruke nokre radioaktive kjelder som er godkjende for skulebruk. Det kan vere tre slags plaststavar med gjenge som er skrudde fasti ei plastplate. I enden av kvar av desse stavane er tre ulike radioaktivestoff innestengde. Éin stav er merkt alfa (α), éin er merkt beta (β), og éin er merkt gamma (γ).

Utstyr

Geiger-Müller-rør med teljar og/eller høgttalar, ulike radioaktive kjelder.

Framgangsmåte

  1. Også når det ikkje er noka radioaktiv kjelde framfor vindauget, høyrer vi geigerteljaren tikke no og då. Det er bakgrunnsstrålinga. Mål styrken på bakgrunnsstrålinga i klasserommet. Dette gjer du gjennom å telje kor mange tikk du høyrer i 30 sekundar, for så å dividere resultatet med 30.
  2. Vi prøver stavane etter tur framfor vindauget i røret på geigerteljaren,og held dei først nær vindauget og så lenger ifrå. Tikkingavarierer med avstanden. Dess nærare vindauget vi held stavane, dessoftare tikkar det.Hald dei tre stavane framom røret i 30 sekundar etter tur, og noter resultata. Prøv med to ulike avstandar frå geigerteljaren: kloss inntil og 5 cm ifrå. Husk å korrigere for bakgrunnsstrålinga i alle målingane.
  3. Dersom skulen har ein del radioaktive steinar, kan vi finne ut om det kjem strålar frå delar av steinane. Tidlegare vart det brukt radiumsambindingar i dei sjølvlysande tala og visarane på armbandsur og vekkjarklokker. Dersom skulen har slike gamle ur, kan vi prøve om tala stråler gjennom glaset. Den ioniserande strålinga frå talskivene i moderne ur kjem ikkje gjennom glaset.

Drøfting

  1. Var det forskjell mellom dei tre ulike radioaktive kjeldene?
  2. Kva kan årsaka vere?

Læringsressursar

Ioniserande stråling – høg energi gir nytte og fare

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff