Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Ioniserande stråling – høg energi gir nytte og fareChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Radioaktivitet – stråling frå kjernen

Radioaktivitet er når ustabile atomkjernar sender ut stråling. Det er særleg dei tyngste grunnstoffa, som uran og radium, som ikkje er stabile. Dei går sunde av seg sjølve, og det skjer heilt utan ytre påverknader.

Radioaktivitet

På førehand er det heilt uråd å vite når ein ustabil atomkjerne kjem til å gå sund. Under normale vilkår er det ikkje mogleg for oss å gjere noko med atomkjernane. Dei lèt seg ikkje påverke av kva vi gjer med stoffet.

I alle kjemiske reaksjonar er det atoma som byter plass og lagar nye molekyl. Men sjølve atomkjernane er ikkje påverka av kjemiske reaksjonar. Når vi varmar opp eit stoff, er det atoma og molekyla som får større rørsleenergi, men i atomkjernen skjer det ingen endringar.

Når ein radioaktiv atomkjerne går sund, er det som ein eksplosjon lengst inne i atomet. Kjernepartiklane får då så stor energi at dei blir slyngde ut av atomet med ein fart på fleire tusen kilometer per sekund. Vi kan verken sjå, lukte eller kjenne stråling av slike kjernepartiklar. Derfor er det kanskje ikkje så rart at radioaktiviteten ikkje blei oppdaga før ein i slutten av 1890-åra tok i bruk film og andre instrument som kunne registrere denne usynlege strålinga.

Radioaktiviteten blir oppdaga

Hausten 1895 og vinteren 1896 skjedde to av dei største oppdagingane i fysikken, først røntgenstrålinga og deretter radioaktiviteten.

Wilhelm von Röntgen (1845–1923) oppdaga dei usynlege strålane som kunne gå tvers gjennom menneskekroppen, og som sverta fotografisk film. Dei blei først kalla X-strålar, men blei seinare omdøypte til røntgenstrålar (på engelsk heiter det framleis "X-rays").

Fotografisk film. Foto.
Her ser vi ein av Henri Becquerel sine fotografiske filmar, som blei eksponert for radioaktiv stråling.
Vinteren 1896 oppdaga den franske fysikaren Henri Becquerel (1852–1908) at krystallar av eit uransalt sende ut stråling som sverta fotografisk film, trass i at filmen enno låg i det lystette og svarte innpakkingspapiret. Strålane hadde gått tvers gjennom papiret. Becquerel sjølv trudde det kom røntgenstrålar frå uranet, fordi røntgenstrålar òg sverta fotografisk film.


Ernest Rutherford (1871–1937) fann seinare ut at strålane var av tre ulike slag. Han kalla dei alfa-, beta- og gammastrålar (α, β og γ), men det var framleis uklart kvar strålane kom frå. På den tida var det ingen som visste kva ein atomkjerne var. Først femten år seinare brukte Rutherford alfastrålar i eit forsøk som førte til at atomkjernen blei oppdaga. Strålingsfenomenet blei kalla radioaktivitet i tydinga "strålingsaktivitet" (av latin radius, som tyder stråle). Av dei grunnstoffa som finst på jorda i dag, er dei fleste stabile, det vil seie ikkje-radioaktive. Nokre få, mellom anna grunnstoff med atomnummer høgare enn 84, er naturleg radioaktive. Alle dei kunstig framstilte grunnstoffa er radioaktive.

Læringsressursar

Ioniserande stråling – høg energi gir nytte og fare

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter