Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Stråling og radioaktivitet

Du er omgitt av stråling heile tida, anten du er heime, ute i skogen, på sjukehuset eller i eit fly. Stråling er både nyttig og nødvendig for oss, men ho kan òg utgjere ein risiko og helsefare.

Spennande, nyttig og farleg

Stråling kan vere alt frå ei radiobølgje med veldig lav energi, til ein gammastråle som er energirik nok til å øydeleggje celler i kroppen. Stråling frå sola gjer det leveleg på jorda, men auka oppvarming truar livet på land og i havet. Energirik stråling kan gjere oss sjuke, og den same strålinga kan brukast i behandling.

Når stråling og radioaktivitet blir omtalte i media, kan ein lett få inntrykk av at all stråling er farleg. Som du skal sjå i dette emnet, stemmer ikkje dette. Med det du lærer i dette emnet blir det lettare å vurdere utsegner frå media meir kritisk.

Kunnskap om korleis stråling oppfører seg gjer det mogleg for oss å utforske kva som finst langt ute i verdsrommet, mykje lenger ut enn vi har moglegheit til å reise i løpet den tida vi lever.

Sjølv om ein god del av det du lærer om i dette emnet byggjer på oppdagingar som blei gjort for over 100 år sidan, så er det framleis mykje vi ikkje veit. Vi har ikkje en gong oppdaga alle typane partiklar som finst. Mørk materie og gravitasjonsbølgjer er to andre emne som vi framleis veit lite om.

Emner

Stråling og radioaktivitet