1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Grunnleggjande kjemiChevronRight
  5. PeriodesystemetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Periodesystemet

Den russiske kjemikaren Dimitrj Mendelejev (1834–1907) vert rekna som opphavsmann til grunnstoffa sitt periodesystem. Her er alle grunnstoffa vi kjenner samla, men kva er eigentlig systemet i periodesystemet?

Kva kan vi lese ut av periodesystemet?

I periodesystemet finn vi informasjon om grunnstoffa som hjelper oss å føreseie korleis dei reagerer kjemisk eller korleis dei oppfører seg fysisk. Her har vi summert opp noko av det du kan finne ut viss du kjenner systemet i periodesystemet:

  • I periodesystemet er alle grunnstoffa ordna etter aukande atomnummer. Atomnummeret er det same som mengda proton i kjernen.
  • De loddrette kolonnane kallar vi grupper. Nummeret på gruppa gir informasjon om kor mange elektron som er i det ytste skalet. Atom som står i same gruppe har like mange elektronar ytst.
  • Dei vassrette radene kallar vi periodar, og dei viser kor mange elektronskal atoma har. Atom i same periode har altså like mange elektronskal.
  • Ofte markerer vi rutene med ulike fargar for å vise kva for stoff som er metall, halvmetall og ikkje-metall.

Læringsressursar

Grunnleggjande kjemi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter