1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Grunnleggjande kjemiChevronRight
  5. Alt er kjemiske stoffChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Alt er kjemiske stoff

Vi omgir oss med kjemiske stoff heile tida. Somme er farlege for oss, men dei fleste er heilt nødvendige for at vi skal kunne leve. Det finst ikkje noko liv utan kjemiske stoff.

Grunnstoff består av éin type atom

Vi deler gjerne stoffa inn etter om dei er reine stoff eller blandingar. Reine stoff er anten grunnstoff eller kjemiske sambindingar. Grunnstoff består av berre ein type atom, mens kjemiske sambindingar består av to eller fleire typar atom som er bundne saman kjemisk.

Atom – små byggjesteinar

Stoffa som vi, og resten av verda består av, er bygde opp av atom. Atoma består av ein kjerne med proton og nøytron, elektrona er rundt kjernen. Det er like mange positive proton som negative elektron i eit atom. Ladningane er like store, men motsette. Nøytrona er nøytrale. Atom har derfor inga ladning på utsida.

Skalmodellen – elektron i banar

Det er blitt foreslått ulike modellar for atoma opp gjennom tidene. Bohrs skalmodell er oppkalla etter den danske forskaren Niels Bohr (1885–1962). Her tenkjer vi oss at negative elektron går i stor fart i bestemte banar rundt ein positivt lada atomkjerne. I skalmodellen blir desse banane kalla elektronskal. Elektron i same skal har omtrent like stor energi og omtrent den same gjennomsnittlege avstanden frå kjernen. I sentrum av atomet er kjernen med positive proton og nøytrale nøytron. Massen til proton og nøytron er nokså lik, og omtrent 2000 gonger større enn massen til elektronet.

Skymodellen – elektron i fri bevegelse

Bohrs skalmodell er lett å forstå, men slik modellen beskriv korleis elektrona beveger seg, stemmer ikkje særleg godt med verkelegheita. På dette punktet er skymodellen betre. Her ønskjer ein å illustrere at elektrona ikkje beveger seg i bestemte banar, men ein teiknar ei sky der det er mest sannsynleg at elektronet vil vere.

Læringsressursar

Grunnleggjande kjemi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter