1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Grunnleggjande kjemiChevronRight
  5. Atom i ulike formarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Atom i ulike formar

Atom har like mange proton som elektron, og har derfor inga ladning. Atom som tek til seg eller gir frå seg elektron, blir ladde atom. Vi kallar dei ion.

Ion – atom med ladning

Viss eit atom mistar eller tek til seg eit eller fleire elektron, får vi eit ion. Atom som mistar elektron blir positive ion, atom som tek til seg elektron blir negative ion.

Skrivemåte for grunnstoff

Når vi skriv namnet på eit grunnstoff, bruker vi ofte det kjemiske symbolet til grunnstoffet. Symbolet er på ein eller to bokstavar, ofte henta frå det greske eller latinske namnet på grunnstoffet. Den første bokstaven i symbolet er alltid stor, og den andre er liten. Atomnummeret er det same som talet proton i kjernen, og blir skrive med senka skrift framfor det kjemiske symbolet. Nukleontal er summen av mengda proton og nøytron i kjernen. Det står med heva skrift framfor det kjemiske symbolet.

Denne skrivemåten bruker vi blant anna når vi ønsker å skilje mellom ulike typar av same grunnstoff.

Isotopar – variantar av eit grunnstoff

Isotopar er atom med same mengd proton, men med ulikt tal på nøytron i kjernen. Isotopar av eit grunnstoff har dei same kjemiske eigenskapane. Derimot kan dei fysiske eigenskapane variere, og ein del isotopar er ustabile/radioaktive.

Læringsressursar

Grunnleggjande kjemi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter