Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Kosmetikk - kunsten å pynte segChevronRight
  5. Kosmetiske produktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kosmetiske produkt

Kosmetikk kjem av det greske ordet kosmetike, som tyder kunsten eller teknikken å pynte seg. Omgrepet blir nytta som eit samleomgrep for produkt som blir brukte for å endre, framheve, forsterke, maskere eller ta vare på utsjånaden eller lukta til kroppen. Sminke blei faktisk først laga for menn.

To jenter sminker seg foran speil. Foto.

Innhaldet i kosmetiske produkt

Som kosmetikk kan ein rekne ulike hudpleiemiddel (kremar, lotionar, pulver, pudder eller gelear), parfymar, deodorantar, leppestiftar, augemaskara, naglelakk, hårprodukt for farging og styling, ulike typar såpe, sjampoar, badesalt, badeoljar, boblebad og anna.

Nokre av dei vanlegaste komponentane i kosmetikk er emulgator, voks, vaselin, olje, konserveringsmiddel, pH-regulerande middel og fortjukkingsmiddel.

Konserveringsmiddel

Eit konserveringsmiddel, til dømes parabenar, er eit stoff som får eit produkt (særleg matvarer) til å halde seg i mest mogleg frisk tilstand så lenge som råd. Konserveringsmidlet hindrar at produktet blir øydelagt av mikroorganismar som bakteriar, mugg og gjær.

Fortjukkingsmiddel

Eit fortjukkingsmiddel er eit stoff som gjer eit produkt meir tjuktflytande.

Emulgator

Ein emulgator, også kalla eit tensid, er eit stoff som vi bruker for å lage emulsjonar. Emulgatorar blir brukte som hjelpestoff, slik at to ikkje-blandbare stoff, til dømes olje i vatn, kan gjerast om til ein emulsjon.
I emulsjonen er oljen finfordelt i vatnet.

Micelle. Illustrasjon.
Micelle
Emulgatorar består av molekyl med ein "vasselskande" og ein lang "feittelskande" del. Den "feittelskande" delen festar seg i feittet, medan den" vasselskande" delen legg seg mot vatnet. På den måten kan dei små feittdropane (miceller) "løyse seg opp" i vatnet.
Blant dei kunstig framstilte emulgatorane kan ein nemne ulike typar såpe eller detergent.
Blant dei naturlege er lecitin den mest kjende. Men mange protein verkar òg som emulgatorar, til dømes mjøkeproteinet kasein.

Oljar, vaselin og voks

Oljar, vaselin og voks hjelper til med å verne huda og halde ho mjuk og smidig.
Oljar med god lukt blir brukte i parfymar (eteriske oljar).
Dei er òg med på å gjere dei kosmetiske produkta passe harde eller mjuke til bruk.

Voks

Bivoksplater. Foto.
Bivoks

Voks kan vere mineralsk (parafinvoks), animalsk (kvalrav, bivoks)
eller vegetabilsk (palmeoljevoks). Voks er esterar av lengre feittsyrer
med ein langkjeda basisk alkohol (ikkje glyserol). Til vanleg er voks
hardare enn feitt. Ved framstilling av kosmetikk bruker ein ofte
vassløyseleg voks.

Vaselin

Vaselin blir laga av råolje. Vaselin er ikkje løyseleg i vatn, tek
ikkje opp vatn og kan heller ikkje vaskast bort med vatn. Stoffet er
tungt løyseleg i alkohol, men løyser seg lett i planteoljar. Sidan
vaselin ikkje inneheld feittsyrer, er det kjemisk sett ikkje eit feittstoff.
Mangelen på feittsyrer gjer at vaselin ikkje kan ta opp
oksygen frå lufta og derfor heller ikkje harskne. I kosmetikk bruker
ein berre reinsa vaselin, som er kvit eller gul på farge. Ettersom
stoffet i utgangspunktet ikkje inneheld vitamin i noka form, blir
vaselin ofte tilsett vitamin.
Brukt i hudpleiemiddel har vaselinen fleire fordelar: Han er billig, held seg og er nøytral. Stoffet blir ikkje teke opp av huda, men legg seg som eit vernande lag utanpå.

Oljar

Jojobaolje blir utvunne av frøa frå visse ørkenbuskar. I kosmetikkindustrien blir jojobaolje brukt i staden for olje frå spermkvalen.
Kokosolje blir utvunnen av det tørka kjøttet frå kokosnøtta. Kokosolje blir brukt i såpe, kosmetikk, toalettpreparat og anna.
Palmeoljen blir utvunnen av kjøttet frå oljepalmen. Palmeolje blir brukt ved såpefabrikasjon og i kosmetikk- og toalettpreparat.
Lanolin blir utvunnen ved reinsing av ullfeitt og har ein salveliknande konsistens. Vasshaldig lanolin blir i hovudsak brukt til framstilling av salvar og kosmetikk.
Flyktige vegetabilske oljar blir nytta som råstoff i parfyme- og
næringsmiddelindustrien.
Eksempel er sitron-, kamfer-, lavendel-, rose- og peparmynteolje.

Læringsressursar

Kosmetikk - kunsten å pynte seg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Leppepomade med rosenolje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag ditt eige badesalt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag dine eigne såper

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag din eigen "lip gloss"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff