Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Kosmetikk - kunsten å pynte segChevronRight
  5. Forsøk: Lag din eigen hudkremChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag din eigen hudkrem

Lag din eigen hudkrem og få erfaring med korleis stoff som er løyseleg i feitt og vann kan blandast.

Hudlotion smøres på hånd. Foto.

Formål

I dette forsøket skal du lære korleis du kan lage ein enkel hudkrem.

Innleiing

Ordet kosmetikk kjem frå det greske ordet kosmetikos som tyder å pynte. Basis for mange kosmetiske produkt er ein emulsjon som er ein kombinasjon av to stoff som normalt ikkje kan blandast med kvarandre, og som derfor dannar to fasar.

Kremen er laga av ein feittfase og ein vassfase som vert bundne saman med ein emulgator. Her er emulgatoren trietanolamin.

Ein emulgator er eit stoff der kvart molekyl har ein del som er feittløyseleg og ein del som er vassløyseleg, slik at emulgatoren dannar ei slags bru mellom feittfasen og vassfasen.

Framgangsmåte

  1. Veg 1,0 g trietanolamin i eit 250 mL begerglas. Tilset 5,0 g glyserol og 30 mL vatn.
  2. Veg 20 g kokosfeitt, 5 g parafinolje og 5 g stearinsyre i eit anna 250 mL begerglas.
  3. Set begge begerglasa på ei kokeplate og varm forsiktig til temperaturen vert 70 °C i begge begerglasa, mens du rører med ein glasstav. Her må du vere forsiktig slik at blandinga i begerglas 2 ikkje støytkokar. Hugs brillene!
  4. Når temperaturen er ca. 70 °C i begge glasa, tek du dei av plata.
  5. Hell innhaldet i begerglas 1 over i begerglas 2 og rør i blandinga med ein glasstav heile tida til temperaturen er under 40 °C.
  6. Tilset nokre dropar parfyme eller aromaolje og ha kremen over i eit lite glas med lokk eller noko tilsvarande.
  7. Finn på eit namn på hudkremen din og skriv ei innhaldsoversikt. Skriv det på ein merkelapp som du limar på glaset.

Resultat og spørsmål

  1. Kremen kan lagrast i ca. 3 månader i kjøleskap, men berre ein månads tid i romtemperatur. Kvifor trur du at kremen held seg lenger dersom han står i kjøleskap?
  2. Kva stoff utgjer feittfasen i denne kremen?
  3. Kva stoff utgjer vassfasen i denne kremen?
  4. Korleis trur du det påverkar eigenskapane til kremen viss du endrar på mengdeforholdet mellom stoffa i feitt- og vassfasen?
  5. Kremen held seg ikkje i det uendelege fordi han ikkje inneheld konserveringsmiddel. Kva funksjon har eit konserveringsmiddel?
  6. Hudkremar og majones er eksempel på emulsjonar. Jobb vidare med emulsjonar og finn ut kva det er. Kva for andre døme på emulsjonar finn du?

Læringsressursar

Kosmetikk - kunsten å pynte seg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?