1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Kosmetikk - kunsten å pynte segChevronRight
  5. Forsøk: Leppepomade med rosenoljeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Leppepomade med rosenolje

Jente smører leppepomade på leppene. Foto.
Formål

Lære kva kosmetikk kan bestå av og lage ein varedeklarasjon for eit kosmetisk produkt.

Innleiing

Leppepomade er eit vanleg kosmetikkprodukt. Vi bruker leppepomade til å pleie tørre lepper eller for å unngå munnsår, dersom produktet inneheld solfaktor. Innhaldet i leppepomadar er vanleg feitt og andre feittaktige stoff. Sheasmør er feitt som er pressa frå sheanøtter, som kjem frå eit tre som veks i Sentral-Afrika. Frøa (nøtter) inneheld opptil 50 % feitt med høgt innhald av stearinsyre. Feitt vert brukt til matlaging, såpe, stearinlys og kosmetikk. Det er godt til svært tør hud, psoriasis og solskadar. Det inneheld naturleg solfaktor (ca. 3). Roseolje er ein eterisk olje som også viser seg å ha gunstig effekt på tørr hud.

Utstyr (til 10 stk á 5 ml)

25 g kakaosmør, 10 g bivoks, 15 g sheasmør, rosenolje, spatel, rent begerglass, kokeplate og 10 leppepomadehylser (eller små bokser)

Framgangsmåte

  1. Smelt forsiktig kakaosmør, bivoks og sheasmør i begerglaset på kokeplata.
  2. Ta begerglaset bort frå plata og la det avkjølast mens du rører med spatelen
  3. Bland forsiktig i litt roseolje.
  4. Hell den litt avkjølte, men flytande pomaden i hylstra. Stopp like under spissen på plastpinnen som er inne i hylsteret.
  5. Fyll hylsteret heilt med spatelen når massen har stivna. Hald hylstra saman med strikk når du fyller dei.
  6. La hylstra stå ein halv time i kjøleskap og rull deretter kvart hylster eit par minutt mellom varme hender.
  7. Skru forsiktig pomaden litt opp og ned, og han er klar til bruk.
  8. Lag ein varedeklarasjon på ein liten klistrelapp og lim han på.

    På varedeklarasjonen skal du føre opp ingrediensane i fallande rekkjefølgje.

Oppgåver

  1. Skriv ned varedeklarasjonen her også.
  2. Kva slags stoff inneheldt leppepomaden din?
  3. Kva er vanlege ingrediensar i kosmetikk?
  4. Kvifor er det viktig å vite kva stoff eit kosmetisk produkt inneheld?
  5. Kvifor er det ikkje vanleg med slike varedeklarasjonar på kosmetikk?

Læringsressursar

Kosmetikk - kunsten å pynte seg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag ditt eige badesalt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag dine eigne såper

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag din eigen "lip gloss"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff