1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Kosmetikk - kunsten å pynte segChevronRight
  5. Forsøk: Lag dine eigne såperChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Lag dine eigne såper

Grønt såpestykke ligger oppå stabel med grønne håndklær. Foto.
I dag er det sjeldan at nokon lagar si eiga såpe heime, men det er fullt mogleg. Under andre verdsskrig var det mange som laga såpe heilt frå grunnen av, ved å koke dyrefeitt og lut.

Formål

Lære kva kosmetikk kan vere samansett av og lære korleis ein sjølv kan lage såper.

Utstyr

Rein såpe (kvit eller gjennomsiktig, luktfri), kniv, kokeplate, kjele, vaselin eller matolje, tresleiv, duftoljer (lavendel og liljekonvall er ein fin kombinasjon), plastfolie Til former kan du bruke plastemballasje, yoghurt- og rømmebeger, tupperware o.l. Det er viktig at formene er fleksible og gjerne litt vidare ytst, slik at det er mogleg å få ut såpa når ho har stivna.
For å få ei farga såpe kan du gjerne bruke naturlege fargestoff som jordbærsaft, pulverkrydder, kakao, konditorfarge osv. Du kan òg bruke krydder som fargestoff: Paprika gir raud farge, turmerik og karri gir gul farge, kanel gir brun farge. Bland først krydderet i litt vatn og sil kryddervatnet gjennom eit tøystykke for å få ut korna. Tilset kryddervatnet dropevis til du får ønskjeleg fargestyrke på såpa. Konditorfarge kan vere mindre konsistent og gi andre fargar enn du ønskjer. Dessutan smittar konditorfarge lettare av og kan bleikne i sollys.

Framgangsmåte

  • Skjer den reine såpa i terningar på ca. 2 cm x 2 cm.
  • Ha terningane i ein kjele og smelt såpa. Det kan du gjere i eit vassbad eller i mikrobølgjeomn. Ver merksam på at i mikrobølgjeomnen kan delar av såpa smelte og ta til å koke før resten av såpa har smelta. Derfor bør du berre bruke mikrobølgjeomnen til mindre delar såpe i 10-20 sekund om gongen. For større mengder såpe (1⁄2 kg) bør du bruke vassbad. Til vassbad kan du fylle ei stor gryte halvfull eller trekvart full med vatn. Når vatnet i gryta koker, skrur du ned varmen slik at vatnet småkoker. Set ein glasbolle eller ei mindre gryte oppi. Legg såpa til å smelte i glasbollen.
  • Aus av det du treng, og la resten stå på plata for å halde seg varmt. Såpa smeltar ved ca. 55 °C, og temperaturen bør ikkje overstige 85 °C. Det er ikkje nødvendig å røre mens basen smeltar, bruk heller tida til å klargjere formene.
  • Før du tek formene i bruk, kan det vere lurt å smørje dei med eit tynt lag matolje eller vaselin.
  • Tilset farge til den reine såpa når ho har smelta heilt. Det kan vere lurt å leggje den såpa du ønskjer å farge, i ein eigen bolle. Rør varsamt til fargen har løyst seg opp. For mykje farge vil smitte av på vask og handkle. Dersom du ikkje blandar fargen heilt inn, kan du skape eit fargemønster i såpestykket. Tilset små bitar (like store som riskorn) av fargen til du får den styrken du ønskjer.
  • Rør varsamt om med ei tresleiv. Det er viktig at du ikkje rører for fort. Då kan det utvikle seg luftbobler som det er vanskeleg å få bort.
  • Tilset no duftoljer etter ønske. Om lag ei teskei per halvkilo er vanleg dosering, men duftstoffa varierer mykje i intensitet, så prøv deg alltid fram til den styrken du ønskjer. Varm såpe kan endre lukt og føre til at olja fordampar. Tilset derfor alltid duftstoffa like før du heller såpa i formene.
  • Legg såpa i ferdigsmurde former og avkjøl i ca. ein time til såpa stivnar. Er det vanskeleg å få ut såpa, kan du setje såpa i fryseboksen ein halv time før du prøver på nytt. Såpa kan då vere litt sprøare og ha lettare for å brotne eller smuldre ved oppskjering. Under tørking skrumpar såpa litt inn, og det hjelper ofte å vente litt før du prøver på nytt.
  • No er såpa klar til bruk. Er du misnøgd med det ferdige resultatet, kan du smelte såpa om att og prøve på nytt. Såper med duft bør pakkast inn i plastfolie, slik at ikkje dufta fordampar og forsvinn over tid. Innpakkinga bør gjerast etter at såpa har tørka godt, det vil seie etter eitt-to døgn.

Tips: Dersom du set til litt kokt havregryn eller grovt mjøl i såpeblandinga, kan du lage ei skrubbesåpe. Somme bruker også kronblad frå roser til dette, men du må sjå etter at dei ikkje får høve til å rotne i fuktig såpe.

Læringsressursar

Kosmetikk - kunsten å pynte seg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Leppepomade med rosenolje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag ditt eige badesalt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag din eigen "lip gloss"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff