Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Kosmetikk - kunsten å pynte segChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Lag din eigen "lip gloss"

Nærbilde av lepper med lipgloss. Foto.
Formål

Lære kva kosmetikk kan vere samansett av og lære korleis ein sjølv kan lage eit kosmetisk produkt.

Utstyr

Parafinvoks, kokosolje, vaselin, rivjern, bakepapir, plastpose som kan opnast og lukkast, liten boks med lokk (for eksempel ein tom vaselinboks).
Smakstilsetjing om du ønskjer ein spesiell smak. Du kan bruke ein seigmann, litt gelépulver, kakaopulver eller ein syrleg drops for å setje farge på glansen og for at han skal smake godt. Ein drops må knusast til pulver før bruk.

Framgangsmåte

  • Rasp noko parafinvoks på eit bakepapir.
  • Tøm 1⁄4 teskei raspa voks i ein liten gjennomsiktig plastpose.
  • Tilset ei teskei kokosolje, ei teskei vaselin og ein halv seigmann.
  • Lukk posen og legg han varsamt i ei skål med varmt vatn frå springen til innhaldet har smelta (3-5 minutt). (Bruk vatn frå springen! Bruk aldri mikrobølgjeomn eller komfyr til å varme vatnet.)
  • Ta plastposen ut av vatnet straks alle ingrediensane har smelta. Klem på posen for å blandeinnhaldet. Arbeid raskt!
  • Klipp eit lite hjørne av posen og klem den flytande leppeglansen over i ein liten, tom boks.
  • La boksen stå i ro i romtemperatur i ein time eller i kjøleskap i 15 minutt.
    No skal leppeglansen vere ferdig til bruk.
  • Bruk ein bomullsdott til å smørje han på leppene.
    Denne glansen burde vare nokså lenge, men kast han i søpla om han skulle endre farge, lukt eller konsistens.

Læringsressursar

Kosmetikk - kunsten å pynte seg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Leppepomade med rosenolje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag ditt eige badesalt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag dine eigne såper

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff