Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Kosmetikk - kunsten å pynte segChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Øvingsoppgåver – Kosmetikk – kunsten å pynte seg

Knust egg med eggeplomme og eggehvite. Foto.
Eggeplomme inneheld emulgatoren lecitin og er ein viktig ingrediens i majones.
  1. Kvifor blir det brukt oljer eller feittstoff saman med vatn i hudkremar?
  2. Kva er skilnaden på hudkrem og hudlotion?
  3. Bruk den engelske lenka på denne sida. Studer animasjonane. Forklar kva ein emulsjon er, og korleis ein emulgator verkar.
  4. Tilsettingsstoff i kosmetiske produkt skal merkast med E-nummer. Finn nokre eksempel på tilsettingsstoff med E-nummer.
  5. Det finst miljøfarlege stoff i kosmetiske produkt.
    Finn eitt eksempel og forklar korleis det verkar på miljøet.
  6. Før testa ein kosmetiske produkt på dyr for å finne ut om produkta var skadelege for menneska. Dette er no forbode å utføre i Noreg. Kvifor finst det framleis produkt i butikkhyllene som er testa på dyr?
  7. Lag nokre gode råd for bruk av kosmetiske produkt.
  8. Allergi er eit kjent problem ved bruk av kosmetiske produkt.
    Finn tre døme på stoff som kan gi allergi.
  9. Bruk lenka til Nasjonalt folkehelseinstitutt og finn tre døme på plager som skuldast bruk av kosmetiske produkt.
  10. Kvar skal ein melde frå om plager eller ubehag ved bruk av eit kosmetisk produkt, og kvifor skal ein melde frå?

Læringsressursar

Kosmetikk - kunsten å pynte seg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Leppepomade med rosenolje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag ditt eige badesalt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag dine eigne såper

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Lag din eigen "lip gloss"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff