Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Stoffskiftet gir energi og byggjesteinarChevronRight
  5. Samandrag – StoffskiftetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Samandrag – Stoffskiftet

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Skjematisk figur av forbrenning i et mitokondrium. Illustarsjon.
Celleånding i mitokondrium
  • Stoffskiftet er samnemninga på dei oppbyggjande og nedbrytande prosessane som skjer i cellene i kroppen. Under stoffskiftet blir det frigjort energi.

  • Enzym er protein som katalyserer kjemiske reaksjonar.

    Levra regulerer innhaldet av næringsstoff i blodet og har fleire andre oppgåver.

  • Hormona insulin og glukagon regulerer innhaldet av glukose i blodet.

  • ATP er eit lite molekyl som lagrar energien som cella bruker til prosessane sine.

  • Aerob celleanding er nedbryting av glukose med oksygen.

  • Anaerob celleanding er nedbryting av glukose utan oksygen.

Sist oppdatert 20.12.2018
Tekst: Øyvind Bønes (CC BY-SA)
Rettshavar: NKI Forlaget

Læringsressursar

Stoffskiftet gir energi og byggjesteinar