1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Stoffskiftet gir energi og byggjesteinarChevronRight
  5. Lagring av næringsstoff i kroppenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lagring av næringsstoff i kroppen

Overskot av næringsstoff kan kroppen lagre som glykogen eller feitt. Frå overskot av karbohydrat og aminosyrer kan kroppen òg danne feitt.

Voksmodell av liggende mann med lymfeårer. Foto.
«Lymphatic Ducts Man» («Lymfesystem-mannen») var ein av 1992 voksmodellar som dei italienske vitskapsmennene Mascagni og Fontana lagde på bestilling frå Keiser Joseph II i 1785. Modellane skulle bli brukt til opplering av militærkirugar. Lymfesystemet fraktar nedbrutt feitt til blodårane.

Karbohydrat

Ved overskot vil noko glukose bli lagra som glykogen i levra og i musklane. Dersom overskotet er større enn kroppen kan lagre som glykogen, blir dette laga om til og lagra som feitt i feittcellene.

Glykogen er den viktigaste energikjelda under fysisk aktivitet. Berre muskelceller og leverceller kan lagre glykogen. Lageret til levra blir brukt til å halde ved lag rett mengd glukose i blodet, medan muskelglykogen er lagra for at muskelen skal kunne arbeide.

Lagra av glykogen i kroppen er mykje mindre enn feittlagra, og det er i stor grad glykogenlagra som er avgjerande for den fysiske prestasjonsevna vår.

Kvinnnelige idrettsutøvere løper på idrettsbane. Foto
Ved høg intensitet vil lagra vare mindre enn 1,5 time. Med noko lågare intensitet varer dei om lag 1,5 time. Ved lett aktivitet varer glykogenlagra omtrent 4 timar. Ein har komme fram til at kroppen har størst evne til å lagre glykogen like etter ein intens innsats. Derfor er det viktig at idrettsutøvarar får glukose like etter dei er ferdige med einkonkurranse.

Feitt

Etter at feittet er fordøydd, blir det absorbert og frakta i lymfeårene og deretter ført ut i blodet. Det meste av feittet som er absorbert, blir ført direkte til feittvev der det blir lagra som triglyserid.

Fettvev. Ilustrasjon.
Fettvev
Lagringa av feitt i feittvev blir kontrollert av hormon. Når opptaket av karbohydrat frå tarmen blir mindre, nokre timar etter eit måltid eller ved faste, startar feittvevet å frigjere feitt som energikjelde. Dersom det går meir enn tre til fire timar mellom to måltid, vil triglyserida i feittvevet bli omsette. Triglyserida blir spalta til glyserol og feittsyrer. Glyserolen blir frakta til levra der han blir laga om og broten ned. Feittsyrene blir laga om til andre stoff og brotne ned.

Protein

Hovudoppgåvene til proteina i kroppen er å byggje opp celler og vev og å regulere kjemiske prosessar. Kroppen har ikkje eit lager for protein.

Det finst eit lite lager av aminosyrer som kan forsyne cellene nokre få timar etter eit måltid. Deretter blir kroppen sitt eige protein brote ned. Det skjer ei kontinuerleg nedbryting og oppbygging av protein. Kroppen omset i alt om lag 400 g protein i døgnet. Dette er fire til fem gonger meir enn den mengda som vi dagleg får gjennom kosten. Ved uvanleg lang faste vil kroppen starte å tære på aminosyrer som då blir laga om og brotne ned i levra.

Læringsressursar

Stoffskiftet gir energi og byggjesteinar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter