Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Stoffskiftet gir energi og byggjesteinarChevronRight
  5. Transport og omsetning av næringsstoffChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Transport og omsetning av næringsstoff

I levra blir monosakkarida laga om til glykogen. Glykogenet blir lagra i levra og i musklane og kan gjerast om til glukose att når kroppen treng det. Dette blir regulert av hormon. I levra blir aminosyrene sette saman til protein, med ulike oppgåver i kroppen.

Midtparti av mann som setter insulinsprøyte i magen. Foto.

Levra

Levra er eit viktig organ for regulering av næringsstoff.
Levra lagar om dei råstoffa cellene i kroppen treng for å leve. Det er altså hit næringsstoffa kjem etter at dei er brotne ned og tekne opp av tarmen og førte via portvenen til levra.


Levra kan òg lage om ein type næringsstoff til ein annan type, som feitt frå karbohydrat og glukose frå protein.
Dessutan kan cellene i levra bryte ned alkohol og uskadeleggjere ein del skadelege stoff ved å gjere dei meir vassløyselege, slik at dei kan skiljast ut i urinen.
Levra dannar òg koagulasjonsfaktorar. Det er stoff som blodet treng for å kunne koagulere (størkne).

Regulering av glukosen i blodet

Reguleringen av glukose. Illustrasjon.
Reguleringen av glukose

Glukose verkar som ei energikjelde for cellene i kroppen. Dessutan treng både hjernen og dei raude blodcellene glukose. Glukose kjem til cellene med blodet.

Det trengst eit omfattande reguleringssystem for at blodsukkeret skal halde seg på eit rett nivå for cellene. Hormona insulin og glukagon er viktige for denne reguleringa. Begge er protein og blir produserte i bukspyttkjertelen.

Insulin gjer at cellene tek opp glukose frå blodet. Glukosen kan dei lagre eller bruke. I levercellene blir glukosen lagra som glykogen.

Glukagon har motsett effekt av insulin. Det får blodsukkeret til å stige fordi levra blir stimulert til å gjere om glykogenet til glukose att.

Sukkersjuke

Testing av blodsukker ved diabetes. Foto.
Testing av blodsukker ved diabetes

Diabetes mellitus, ofte kalla sukkersjuke, er ein sjukdom som kjem av at dei cellene i bukspyttkjertelen som produserer insulin (betacellene), er øydelagde slik at dei ikkje kan produsere insulin (type 1-diabetes ), eller at insulinet verkar for dårleg i kroppen (type 2-diabetes).
Behandlinga av sjukdommen er å halde sukkermengda i blodet på rett nivå.


Personar med type 1-diabetes må få insulin i form av injeksjonar. Insulin blir øydelagt i fordøyingssystemet og kan derfor ikkje takast som tablettar.
Personar med type 2-diabetes kan ofte klare seg med å endre kosthaldet, auke den fysiske aktiviteten sin og redusere vekta si dersom det er naudsynt. Dei kan òg bruke tablettar. Desse tablettane inneheld ikkje insulin og verkar på fleire ulike måtar.

Føling er dei symptoma eller plagene som personar med diabetes får når blodsukkeret blir lågt. Føling kan komme av for lågt inntak av mat, for mykje mosjon eller slit eller på grunn av for mykje insulin. Personen vil merke slappheit, sveitting, angst, svolt, forstyrring av synet, bli omtåka og i verste fall bli medvitslaus.
Nokre sukkerbitar, drikker som er sukkerhaldige, eller liknande kan då få blodsukkeret til å stige att.

Blodsukkernivået ligg normalt på 4,5–5,5 mmol/l. Etter eit stort karbohydratmåltid stig dette nivået til 6,7–7,2 mmol/l.

Læringsressursar

Stoffskiftet gir energi og byggjesteinar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter