Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Helse og livsstilChevronRight
  5. Gruppeoppgåver - Helse og livsstilChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Gruppeoppgåver - Helse og livsstil

Badmintonspillere i konkurranse. Foto.
Læringsmål

Målet med denne oppgåva er å arbeide med eit læreplanmål frå kosthald og helse.
I tillegg skal oppgåva gi øving i nokre av dei grunnleggjande dugleikane i naturfag.
Til slutt skal klassen vurdere eige læringsarbeid.

Oppgåva:

  1. Gruppa skal halde ein presentasjon på 5 minutt for dei andre elevane, der de brukar digitale hjelpemiddel.
  2. De kan velje eitt av dei tema som de finn nedanfor.
  3. Presentasjonen skal starte med det de vil at dei andre skal lære.
  4. Etter foredraget diskuterer klassen om læringsmålet vart nådd.

Tema:

Korleis er innhaldet av næringsstoff i gatekjøkkenmat?

Mange ungdommar et mykje gatekjøkkenmat

Hamburger på tallerken. Foto.

Kebab, hamburgarar, pølser og brus er daglegkost for mange. Overvekt hos unge er no blitt eit problem også i Noreg. Kan det skyldast at unge et usunn kost?

Staten sitt råd

Staten sitt råd for ernæring og fysisk aktivitet meiner at minst 55-60 % av energien bør komme frå karbohydrat, maksimalt 30 % frå feitt og 10-15 % fra protein.
Til friske vaksne anbefalast det at inntaket av salt bør vere under 5 gram per dag. Inntaket hos barn bør vere mindre.

  • Sett opp nokre menyar dykk kunne tenke dykk å ete på eit gatekjøkken eller i ein kafé.
  • Bruk matvaretabellen eller gå inn på sidene til nokre kjente firma, og finn innhaldet av næringsstoff i desse menyane.
  • Kvorleis passer næringsinnhaldet med anbefalingane?

Forslag til nokre lenkjer:

  1. Velkommen til McDonald.info
  2. Burger King - næringsinnhold
  3. Matvaretabellen

Kva er nøkkelholmat?

Minimumskrav til ferdigmat

Bilde av nøkkelhullet-logo
Nøkkelhullmerket

Nøkkelholet er eit symbol som setjast på pakninga av ferdigpakka matvarer. Dermed får forbrukarane hjelp til å gjere sunnere val i kjøpsaugeblinken.
Det grøne symbolet skal hjelpe travle menneske å gjere bevisste kosthaldsval når dei handlar, og merkeordninga sett krav til minimumsinnhald av fiber og maksimumsinnhald av fett, salt og sukker.

Kjelde: Matportalen


Korfor er det ikkje sunt med palmeolje i maten?
  • Kva er palmeolje?
  • Korfor brukast så mykje av denne oljen og korfor er han så usunn?
  • Kva slags mat inneheld palmeolje?

Forslag til nokre lenkjer:

  1. Palmeolje
  2. Palmeolje: Usunn for kropp og klode
  3. Skjuler helseskadelig matolje
  4. Alt for mye farlig matolje
  5. Fra helsefarlig til helsefarlig
  6. NRK, Puls: Farlig matolje

Er det sunt å ete matpakka på skulen?
  • Mat på et fat med et glas juice og en yougurt ved siden av. Foto.
    Forskarar meiner at matpakka kan gjere barn overvektige.
  • Kvorleis er den vanlege matpakka?
  • Kva har forskarane funnet ut?
  • Kva slags alternativ finnast til den vanlege matpakka?

Forslag til nokre lenkjer:

  1. Hva har ungdommene i matpakka?
  2. Skolemat
  3. Den vanskelige frokosten
  4. Kjappe matpakker - som frister!
  5. Den gyldne matpakkeregelen
  6. Slakter norsk matpakke
  7. Video: Slakter norsk matpakke
  8. Gode råd om aktivitet og kosthold
  9. Fråts i frukt og grønt

Kor mykje sukker er det i maten min?

Vi får framleis i oss for mykje sukker

To hender fylt med sukker. Foto.

Barn og unge får i seg for mykje sukker i forhold til hva som anbefalast.
Sukker utgjer 13 prosent av kostens sitt energiinnhald, mens ein anbefaler at tilsett sukker utgjer høgst 10 prosent av energiinnhaldet i kosten eller maksimum 50 g sukker per dag.
Brus og godteri er dei største sukkerkjeldene i kosthaldet. I 2007 drakk kvar av oss i snitt 67 liter brus og åt i snitt 15 kilo godteri.
Matvarer og drikke med mykje sukker inneheld som regel mykje energi og lite næringsstoff.

Spørsmål:

  • Kvifor liker vi sukker så godt?
  • Er sukker usunt?
  • Kor mykje sukker et du?
  • Dykk skal huske kva slags sukkerhaldige produkt dykk åt i løpet av f.eks. helga, og finne ut hvor mye sukker dykk åt.
    Bruk matvaretabellen.
  • Er dykk innafor anbefalingane om ikkje å ete meir enn maksimum 50 g sukker per dag?

Eksempel på matvarer som inneheld sukker, og korleis du kan rekne ut inntaket ditt:

  • Brus inneheld 10 g sukker per 100 g matvare. 100 g = 1 dl.
    5 dl x 10 g sukker/dl = 50 g sukker i 1/2 liter brus.
  • Mjølkesjokolade inneheld 44,6 g tilsatt sukker per 100g matvare.
    44,6 g/ 100 g = 0,446 g tilsett sukker per gram sjokolade.
    40 g sjokolade inneheld: 40 x 0,446 g sukker = 17,84 g sukker.

Forslag til nokre lenkjer:

  1. NRK, Puls: Vi spiser for mye sukker
  2. Ganefryd - Sukker
  3. NRK Skole: Sukkerlykke

Kvifor blir ikkje tynne folk tjukke?
Kvinne som veier seg på badevekt. Foto.

Kvifor blir nokon tjukke mens andre held seg tynne?
Er det fordi tynne folk beveger seg meir, et annan kost eller har det med gena å gjere?

Forslag til nokre lenkjer:

  1. Why do some people never seem to get fat?
  2. Mysteriet med de fete magene
  3. Tynnere av å trene?
  4. Overvekt, arv og miljø

Har idrettsutøvarar eteforstyrringar?
Langrennsjentene på seierspallen

I nyheitene hører vi om at eteforstyrringar er eit aukande problem i sport. Er dette tilfelle?
Er nokre idretter meir utsett enn andre?
Er jenter meir utsett enn gutar?

Forslag til nokre lenkjer:

  1. Spiseforstyrrelser er et problem
  2. Spiseforstyrrelser i idretten. Den norske legeforening.
  3. Idrett og spiseforstyrrelser. Sunn jenteidrett.

Gjer trening at ein lev lengre?
Mann og kvinne på treningssenter. Foto.

Levealderen til mennesket har blitt lengre, og det ser ut som om den same utviklinga fortset. Det er kjent at trening kan gi ein sunn kropp, men kan trening også gi eit lengre liv?

Forslag til nokre lenkjer:

  1. Fysisk aktivitet kan gi deg et lengre og lykkeligere liv
  2. Bare litt trening gir lengre liv?
  3. Trening - hvordan komme i gang?

Korleis kan ein slanke seg fornuftig?
Frukt, grønnsaker og kornprodukter lagt utover. Foto.

Det er utallige slankemetodar å velje mellom, men kva for metode er den mest fornuftige måten å slanke seg på?

Forslag til nokre lenkjer:

  1. Sunn og usunn slanking
  2. Slik setter man sammen sunn slankemat
  3. Slik går du ned i vekt på en effektiv og sunn måte

Kva er livsstilssjukdommar?

Livsstilssjukdommar er eit samleomgrep på sjukdommar eller lidingar som eit menneske kan få som resultat av eigen, sjølvvalt livsstil. Livsstilssjukdommar blir ofte omtalt som dagens store helseutfordring. Livsstilssjukdommar som knyttast til kosthaldet er overvekt, sukkersjuke (diabetes) og hjarte- og karsjukdommar.

Forslag til noen lenker:

  1. Livsstilssykdommer (NHI)
  2. Livsstilssjukdommar.
  3. Helsenett.no

Tips til presentasjonen:

Læringsressursar

Helse og livsstil

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Øvingsoppgåver - Helse og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Interaktive oppgåver om "Helse og livsstil"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff