Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Helse og livsstilChevronRight
  5. EteforstyrringarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eteforstyrringar

Årsakene til eteforstyrringar kan vere både arv og miljø. Eteforstyrringar rammar både unge og vaksne, men oppstår ofte for første gong i ungdomsåra.

Kvinne som veier seg på badevekt. Foto.

Anoreksi

Anoreksi (slankesjuke) er ein svært alvorleg sjukdom. Han gir seg utslag i matvegring, og årsakene er ofte samansette. Trass i at pasienten er underernært, kan aktivitetsnivået vere høgt. Redselen for å bli overvektig held seg, same kor mager ho eller han er. Sjukdommen er livsfarleg, og det kan bli nødvendig med innlegging på sjukehus. Eit av dei største problema er at pasienten sjølv ikkje forstår at det kan stå om liv og helse. Behandlinga er ofte omfattande og tidkrevjande.

Bulimi

Bulimi (oksehunger) merkjer seg ut ved at ein får ustyrleg lyst til å ete, oftast mat som inneheld mykje energi og er lett å få i seg. Etinga blir ofte kamuflert. Mange som lir av bulimi, er anorektikarar òg. For at dei skal greie å halde vekta nede, avsluttar dei måltidet med å framkalle oppkast, eller dei bruker avføringsmiddel eller vassdrivande middel. Matorgiane fører til øydelagd sjølvtillit og depresjonar. Sjukdommen er livstruande. For bulimikarar som ikkje er anorektiske, kan sjukdommen føre til ekstrem overvekt.

Ortoreksi

Ortoreksi er ein ny type matproblem der personen er sjukeleg oppteken av trening og sunn mat. Mange vestlege kvinner og menn er så opptekne av kvaliteten på maten at det kan kallast eit nervøst forhold. Dette matproblemet kallar vi ortoreksi, men det har ingen klar definisjon eller diagnose. I Noreg er ikkje ortoreksi definert som ein sjukdom. [1]

Når tankar, kjensler og handlingar dreier seg så mykje om mat, kropp og vekt at det går utover livskvaliteten og funksjonsevna i kvardagen, har personen fått eit matproblem.

Kor mange har eit matproblem?

Så langt har vi nok vore mest opptekne av anoreksi og bulimi, sidan desse sjukdommane har vore mest framme i media etter at dei synte seg å vere vanlege innanfor idretten. Kvar femte jente innanfor norsk eliteidrett har eit matproblem, og i somme idrettsgreiner er kvar tredje utøvar ramma.



Til saman har over 120 000 menneske i Noreg slankesjuke, oksehunger eller tvangstankar om mat.

  1. 1«Ortoreksi». Vrabel, KariAnne Mollestad Tveit Reistad, Hilde. 2013.

Læringsressursar

Helse og livsstil

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Øvingsoppgåver - Helse og livsstil

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Interaktive oppgåver om "Helse og livsstil"

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Gruppeoppgåver - Helse og livsstil

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff